SKULESTART 15. AUGUST 2022

Fyrste skuledag vert måndag 15. august på Voss gymnas.

Denne dagen er sett av til startsamtalar mellom kontaktlærarar og elevar. Alle elevar vil få tilsendt SMS av kontaktlærar i veke 32 med tidspunkt for samtale.

Før eller etter startsamtale kan du hente ut skulebøker på biblioteket.

I vedlagte informasjonsskriv finn du meir informasjon om skulestart. Det er viktig at du les gjennom informasjonen og tek med nødvendige skjema ferdig utfylt.

Me ser fram til eit nytt skuleår saman!