Hopp til hovedinnhold

Utlysing - Tilkallingsvikar i kantina

Voss gymnas søkjer etter tilkallingsvikar i kantina.

Voss gymnas har om lag 600 elevar, og kantina serverar skulefrukost, og har sal av påsmurt, varmmat og anna. Arbeidstida i kantina er mellom kl 06.30 og 14.30. Vi har 3 tilsette i ulike stillingsprosentar, og arbeidstid for vikariat vil såleis være ulik i høve til kven ein er vikar for.

Vi søkjer etter ein person som kan møte på kort varsel ved kortare og lengre sjukefråvær.

Personen som blir tilsett i stillinga må være over 18 år. Du må ha ansvarskjensle, vere omgjengeleg og pliktoppfyllande. Det er ein føremon om du har røynsle frå tilsvarande arbeid.
Søknad kan sendast til Voss gymnas, Postboks 70, 5701 Voss, eller leverast i resepsjonen.
Søknadsfrist: 30. september
Spørsmål om stillinga kan rettast til Marianne Merkesdal, tlf 93678791.