Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Voss gymnas vil skapa eit godt skulemiljø, og legga til rette for at elevane skal ha maksimalt utbyte av opplæringa. Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som elev og som du kan oppsøke når du treng det.

Helsesjukepleiar

Trefftid:               
Måndag kl. 09.00-14.00 (Trine)
Tysdag kl. 09.00-14.00 (Amalie)
Onsdag kl. 09.00-14.00 (Trine i partalsveker)
Torsdag kl. 09.00-14.00 (Amalie kvar veke og Trine i partalsveker)          

Har du noko du lurer på, eller har utfordringar i høve til psykisk eller fysisk helse, rus, trivsel, heime, vener eller skule?

  • Ynskjer du nokon å snakke med?
  • Treng du prevensjon?
  • Gratis kondom til gutar og jenter
  • Ynskjer du å teste deg for kjønnssjukdom?

Ynskjer du time: Ta kontakt i trefftida, eller du kan nå oss på tlf./sms, e-post/ it's learning, eller via lærar/kontorpersonale.

Helsesjukepleiarane

Trine Oftedal Hillesland

Helsesjukepleiar

Amalie Riise Fretheim

Helsesjukepleiar


Helsestasjon for ungdom er open kvar måndag 14.30 – 16.30 (3. etg. på Knutepunktet, Gurid Almenningens Plass 1). Der kan du møte helsesjukepleiar og lege.

Helsesjukepleiar har teieplikt og kan hjelpe vidare til fastlege eller annan instans når eleven er einig og etter behov. Helsesjukepleiar samarbeider med skulen i ressursteammøte, med kontaktlærarar, elevinspektør og rådgjevarar. Helsesjukepleiar kan gje råd og vere pådriver i saker som påverkar elevane si helse og trivnad på skulen.

Tid hjå helsesjukepleiar reknast ikkje som fråvær når det er dokumentert.

Kva kan du ta opp?

  • Eigne grenser
  • Einsemd
  • Fysisk helse
  • Klassemiljø
  • Meistring og motivasjon
  • Mobbing
  • Nettvett og skjermbruk
  • Prevensjon
  • Psykisk helse
  • Pubertet og ungdomstid
  • Relasjonsutfordringar
  • Rus
  • Seksualitet og kjønnsidentitet
  • SOI (smittsame overførbare infeksjonar)
  • Skulefråvær
  • Syn og høyrsel
  • Trivsel
  • Uro og konsentrasjon
  • Utfordringar heime
  • Vaksine
  • Anna / det som opptar deg

Helsestasjon- og skulehelsetenesta

Helsetenesta utfører helsefremjane og førebyggande helsearbeid for ungdom mellom 16-20 år som bur eller oppheld seg i kommunen. Jordmortenesta er ein del av helsestasjonstilbodet.

Helsestasjonen kan hjelpe med å formidle kontakt og samarbeid med andre tilsette innan helsetenesta, barnehage, PPT, psykolog, tannhelsetenesta, sosialtenesta, fysioterapitenesta og andre tenester i heradet.

Helsestasjon for ungdom er gratis, og du treng ikkje bestille time.

Skulelege

Elevar skal nytte eigen fastlege. Dei som ikkje har fastlege på Voss bør få seg fastlege på Voss. Ynskjer du å byte fastlege må du logge deg inn på helsenorge.no.

Er det akutt, er legevakta eit alternativ.

Fysioterapeut

Fysioterapeut i vidaregåande skule arbeider med tiltak som skal førebyggje helseplager hjå dei unge ved vurderingar, rettleiing og tilrettelegging. Helsesjukepleiar kan tilvise til fysioterapeut, og elevane må ikkje betale eigendel.
Elise Boysen er kommunal fysioterapeut.