Helse- og oppvekstfag

Ein turvenn er god å ha

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje helse- og oppvekstfag?

Vel du helse- og oppvekstfag må du bry deg om andre. Du bør vere flink til å kommunisere og samarbeide slik at du kan arbeide med menneske i ulike aldrar og livssituasjonar.
Dette er eit yrkesførebuande utdanningsprogram, der ingen arbeidsdagar er like.

Les meir om kva yrke du kan velje etter helse- og oppvekstfag på vilbli.no

Me tilbyr

Du får ei spanande undervisning som gjer deg eit godt grunnlag for å velje vg2. Det er mykje teori, men dei flotte og splitter nye praksisromma våre med pleierom, kjøkken og humanbiologirom gjer at du kan arbeide praktisk i deler av skuletida. I yrkesfagleg fordjuping samarbeider skulen med bedrifter der du kan få prøve deg i praktisk arbeid og lære om kva som blir kravd av deg som yrkesutøvar.

På Voss gymnas kan du velje følgjande:

  • vg1 helse- og oppvekstfag
  • vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag
  • vg2 helsearbeidarfag
Fag og timetal
Fag Timetal vg1 Timetal vg2
Norsk 0 4
Engelsk 5 0
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnskunnskap 0 3
Kroppsøving 2 2
Felles programfag 17 17
YFF 6 9
Sum timetall per veke 35 35

Vg1 helse- og oppvekstfag


I tillegg til fellesfaga engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving, tilbyr vg1 Helse- og oppvekstfag desse programfaga:

  • helsefremjande arbeid
  • kommunikasjon og samhandling
  • yrkesliv i helse- og oppvekstfag
  • yrkesfagleg fordjuping


Her får du den grunnleggjande kunnskapen du må ha for vidare opplæring på vg2.
Helse- og oppvekstfag er eit utdanningsprogram som fører fram til yrke som til dømes helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar, hudpleiar, ambulansearbeidar, farmasiteknikar og fotterapeut.

Yrkesfagleg fordjuping er eit fag som er praktisk retta. Du blir hovudsakleg utplassering i bedrift eller arbeider med praktiske prosjekt på skulen. I tida fram til haustferien er det felles teoretisk innføring for alle elevane før dei eventuelt skal ut i praksis. Me prøver så langt det let seg gjere å skaffe deg den type praksisplass du ønskjer.

Dette programmet passar for deg som likar å arbeida med menneske, har evne og vilje til å samarbeida, samtidig som du kan ta avgjerder på eiga hand.

Vg2 helsearbeidarfag


I tillegg til fellesfaga norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving, tilbyr vg2 desse programfaga:

  • helsefremjande arbeid
  • kommunikasjon og samhandling
  • yrkesliv i helsearbeidarfag
  • yrkesfagleg fordjuping


På helsearbeidarfaget får du praktisk og teoretisk opplæring. Her vil du lære mykje om grunnleggjande sjukepleie, sjukdomslære og kommunikasjon. Du vil få eit godt innblikk i kva som blir venta av deg som profesjonell helsefagarbeidar.

Praksis utgjer størstedelen av faget yrkesfagleg fordjupning, Du kan vere i praksis på sjukeheim, open omsorg, sjukehus eller bufellesskap. Kvart år blir det utdelt stipend frå Erasmus+ og dei heldige får fire veker i praksis i utlandet. Dei siste åra før pandemien reiste våre elevar til Danmark.

Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag


I tillegg til fellesfaga norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving, tilbyr vg2 desse programfaga:

  • pedagogisk arbeid
  • kommunikasjon og samhandling
  • yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • yrkesfagleg fordjuping

 

På barne- og ungdomsarbeiderfaget får du lære korleis du kan bli ein profesjonell barne- og ungdomsarbeidar. Du vil lære om kva som skal til for å stimulere barn og gje dei den tryggleik dei treng. Undervisninga er både praktisk og teoretisk.
Praksis utgjer ein stor del av faget yrkesfagleg fordjupning. Du kan vere i praksis i barnehagar, skuler og skulefritidsordning.
Kvart år blir det utdelt stipend frå Erasmus+ og dei heldige får fire veker i praksis i utlandet. Dei siste åra før pandemien reiste elevane våre til Danmark.

Vegen vidare

Etter to år på skulen kan du velje å bli lærling, eller du kan ta vg3 påbygg og få studiekompetanse. Om du vil bli læring, vil me hjelpe deg med førebuingar til å søkje læreplass.

Her kan du sjå meir om det å bli lærling