Biblioteket har lyse og fine lokale i 2. etasje.
Biblioteket har faktabøker, skjønnlitteratur og engelske bøker til utlån. Me har sittegrupper til gruppearbeid og gode arbeidsplassar dersom du vil fordjupe deg i fred og ro.
Skulebiblioteket er betjent:
- Måndag, onsdag og fredag i skuletida.
Med unntak av siste fredag i kvar månad.
Låneavtale
For å låne lærebøker må du underteikne ein utlånskontrakt (pdf). Er du under 18 år må også føresette underteikne. Du kan då låne gratis lærebøker. Du er sjølv ansvarleg for det du har lånt. Om du mistar eller øydelegg noko må du erstatte det.
Alt materiale som ein tek ut av biblioteket må registrerast.
Kjeldekritikk og kjeldebruk
Når du skriv ei oppgåve er det viktig å finne gode kjelder for informasjon. Men korleis kan du stole på det du finn? Det er viktig å utøve kjeldekritikk for å finne eigna og kvalitetssikra informasjon.
Du kan ikkje klippe og lime andre sitt arbeid som ditt eige. Korleis kan du bruke andre sine tekstar utan å plagiere? Det kan du lære meir om på sida til NDLA.
E-bøker
E-lån er bøker du kan laste ned til datamaskina, nettbrettet eller mobilen din. Det er også lydbøker. Last ned biblioteka sin app Bookbites, då kan du låne E-bøker gratis. Samme bok kan lastast ned til seks ulike einingar, og bøkene blir automatisk levert tilbake etter tre veker.
Lånekort
Du kan laste ned det nasjonale lånekortet på mobilen.
Søk etter bøker
Søk etter bøker i katalogen til Voss gymnas.
Kontakt biblioteket
Biblioteket kan nåast på telefon:
Måndag, onsdag og fredag, Voss gymnas: 989 05 385
Tysdag og torsdag (i tillegg siste fredag i kvar mnd), Voss vgs: 56 53 22 31
Ingeborg Fære
spesialbibliotekar