Her får de informasjon om vilkåra for å låne/leige skulelokale. De finn også lenke til bestillingsportalen.
Vestland fylkeskommune tilbyr utlån og utleige av lokale ved vidaregåande skular i tråd med ordninga Open skule. Aktivitetar der barn og unge under 20 år utgjer fleirtalet blir prioritert, og kan få gratis utlån innan fastsette rammer.
Ved bestilling pliktar leigetakar å setje seg inn i gjeldande vilkår og lokal informasjon for skulen.
Langsiktige avtalar (over 12 månader) skal inngåast av eigedomsavdelinga. Typisk der fylkeskommunen har lengre avtalar med vertskommunar eller idrettslag . Kontakt eDialog - send post på ein sikker måte - Vestland fylkeskommune
Utleigelokale på Voss gymnas: https://www.bookup.no/, søk opp skulen og book her.
Voss herad administrerer og fordeler sesongbooking for Gymnashallen.
Ansvar ved bruk av lokale
Det skal vere ein vaksen person minst 18 år til stades som har ansvar for lokala i perioden leigetakar nyttar dei. Leigetakar og skulen avtalar om det er tilsynsvakt frå skulen, eller om leigetakar stiller med eigen tilsynsvakt. Leigetakar er ansvarleg for tryggleiken i leigeperioden for at ordensreglar og husreglar blir følgde, og for eventuelle skadar som oppstår i leigetida. Leigetakar er erstatningsansvarleg for skadar på bygg og inventar. Vestland fylkeskommune har ikkje forsikring som dekkjer leigetakar sitt medbrakte utstyr. Leigeavtalen og ansvaret blir stadfesta av leigetakar i bookUp.
Voss gymnas leiger ut med tilsynsvakt måndag til torsdag kl. 16.00-21.00.
Tilsynsvakt – rolle og oppgåver
Ein tilsynsvakt er ein vaksen person som har ansvar for tilsyn med lokala medan dei er i bruk ved utlån eller utleige. Tilsynsvakta skal bidra til trygg bruk av bygget og sørgje for at gjeldande reglar blir følgde.
Tilsynsvakta har mellom anna ansvar for å:
- vere til stades under heile leigetida
- sjå til at ordensreglar og husreglar blir følgde
- bidra til at brannvern- og tryggleiksrutinar blir overhaldne
- handtere mindre avvik eller uønskte situasjonar
- sjå til at lokala blir forlatne i ryddig og forsvarleg stand
Ordensreglar
- Lokala skal ryddast og forlatast i same stand som ved overtaking.
- Søl med vatn, mat eller drikke skal straks tørkast opp.
- Fast inventar skal ikkje flyttast eller endrast.
- Avfall skal sorterast. Større mengder avfall må leigetakar handtere sjølv.
- Skade på hus, inventar, utstyr eller personar skal snarast meldast til utleigar.
- Berre deltakarar i arrangementet skal ha tilgang til lokala.
- Røyking, alkohol og andre rusmiddel er forbode.
- Handtering av farleg materiale er ikkje tillate.
- Ansvarleg leigetakar eller tilsynsvakt kan vise bort personar som ikkje følgjer reglane.
- Lyd og støy skal haldast på eit nivå som ikkje er til sjenanse for naboar.
- Parkering skal berre skje på tilviste plassar.
- Nøklar eller adgangskort skal aldri lånast bort til andre
Brannvern og beredskap
Leigetakar pliktar å setje seg inn i brannvernrutinar og beredskapsplanar som gjeld for lokala. Maksimalt personantal for kvart lokale skal overhaldast strengt i samsvar med brannforskriftene.
Leigetakarar som nyttar lokale utan tilsynsvakt frå skulen, skal få brannvernopplæring av skulen sitt personale før bruk. Dersom opplæring ikkje er gjennomført, pliktar leigetakar sjølv å gjere seg kjend med rømmingsvegar, kontrollere at dei er frie, vite kor sløkkeutstyr og manuelle meldarar er plassert, og vurdere om deltakarar må informerast om rømming.
Viktige telefonnummer:
110 – Brannvesen
112 – Politi
113 – Ambulanse
116 117 – Legevakt
Voss gymnas sin branninstruks (PDF).
Skulebygga har heis, men ein treng heiskort (kan lånast i ekspedisjonen i skulen si ordinære opningstid, eller få hjelp av skulen si tilsynsvakt).
Ansvarlege for faste treningar skal gjennomføre obligatorisk brannopplæring.
Rutinar for lån og leige
Rutinar for mellom anna overlevering og retur av nøklar, adgang til bygg, låsesystem og eventuell opplæring i bruk av lokale og utstyr.
Voss gymnas har tilsynsvakt måndag til torsdag kl. 16.00-21.00, og vakta låser opp aktuelle rom. Ved behov for nøklar og opplæring til arrangement, må dette ordnast i skulen si ordinære opningstid.
Bruk av utstyr
Leigetakar kan berre bruke utstyr som er avtalt på førehand, og pliktar å følgje rettleiing frå skulen. Leigetakar kan nytte gjestenettet (VLFK-Gjest) der dette er tilgjengeleg. Bruken skal skje i samsvar med fylkeskommunale retningslinjer.
Brot på vilkåra
Ved manglande rydding, skade eller brot på reglane, kan leigetakar bli fakturert for ekstrautgifter. Gjentakande brot kan føre til utestenging.
Avbestilling
Avbestillingsfrist er snarast råd, og seinast dagen før.