Helsefagarbeidar vg2
Utdanninga er på deltid og tilrettelagt for vaksne som ønsker å kombinere jobb og utdanning. Vi tilbyr i 2022/23 vg2 helsearbeidarfag. For inntak treng du fyrst vg1 helse- og oppvekstfag. Det er undervisning to dagar i veka, i både fellesfag og programfag. Undervisninga vil bli lagt på tysdagar og torsdagar.
Etter vg2 , går du to år i lære før du kan gå opp til fagprøva. Du er som vaksen sjølv ansvarleg for å søke læreplass. Det vert ikkje planlagt oppstart av vg1 helse- og oppvekstfag hausten 2022.
Søkjarar med vaksenrett vert prioritert ved inntak, men alle kan søkje.
Kvifor velje helse- og oppvekstfag?
Vel du helse- og oppvekst må du ønskje å jobbe med menneske i ulike aldrar og livssituasjonar. Du må bry deg om andre menneske. Du som vel helse- og oppvekstfag bør vere omsorgsfull, flink til å kommunisere og god til å samhandle med menneske med ulik bakgrunn og livssituasjon.
Samfunnet vil i tida framover ha stort behov for deg som ønskjer å arbeide innan helse- og oppvekstsektoren. Ved å velje helse- og oppvekstfag vil du verte ein attraktiv arbeidssøkjar.
Les meir om helsefagarbeidar