Sal, service og reiseliv

Elevar ved skulpturen Voss

Er du serviceinnstilt, liker å hjelpe folk og er open for ulike kulturar og tradisjonar? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år i skule før du kan gå ut i lære. Du kan også ta Påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje sal, service og reiseliv?

Dersom du vel linja sal, service og reiseliv får du ei utdanning som opnar for ei rekke spennande karrieremogelegheiter innanfor sal, marknadsføring og reiseliv. I dei to fyrste åra vil ein knyta kjennskap til yrkeslivet gjennom arbeidspraksis i skuletida. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli

Me tilbyr

Med sal, service og reiseliv vil du møte ei utdanning der du og klassen vil få mange bedriftsbesøk og studieturar i regionen. Du får også arbeidsoppdrag frå ulike arrangørar/festivalar på Voss og jobbar med lærestoffet på kreative måter. Du skal ha det kjekt når du lærer.  Utdanninga er både praktisk retta samtidig som ein får teoretisk kunnskap innan service, marknadsføring, innovasjon og berekraft. 

Fag og timetal
Fag Timetal vg1 Timetal vg2
Norsk 0 4
Engelsk 5 0
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnskunnskap 0 3
Kroppsøving 2 2
Felles programfag 17 17
YFF 6 9
Sum timetall per veke 35 35

Vg1 Sal, service og reiseliv


Som elev på sal, service og reiseliv vil du få kunnskap om korleis ein administrerer og driv ei verksemd. Du får innføring i korleis ein kan kvalitetssikra gode produkt og korleis desse kan marknadsførast.
Kvart år får elevane delta på fleire ekskursjonar til verksemder i nærområdet. Klassen tek også imot oppdrag frå næringslivet/festivalane på Voss.
Du vil vere ute i praksis både i haustsemesteret og på våren. Om du skal i praksis innan sal eller reiseliv er avhengig av dine interesser. 

I tillegg til fellesfaga engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving, har vg1 sal, service og reiseliv desse programfaga: 

  • forretningsdrift
  • marknadsføring og innovasjon
  • kultur og samhandling
  • yrkesfagleg fordjuping​

Vg2 Sal og reiseliv


Som elev på Vg2 vil du oppleva at undervisninga har fokus på ein berekraftig utvikling. Me vil ha mykje praktisk undervisning – med dette meiner me at meir undervisning vil bli gjennomført i samarbeid med næringsliv, i naturen og i kulturlandskapet vårt.
Utdanninga søker å fremja elevens kreativitet ved å jobba med produkt- og idéutvikling, både innan sal og reiseliv. I tillegg til teori vil du igjennom praktiske øvingar og oppdrag lære korleis me kan skapa berekraftige reiseliv som bidreg til å skape gode opplevingar for gjestene våre. 

I utdanninga vil eleven læra mykje om norsk natur og norsk kulturarv. Voss sentralt plassert er lokalisert midt mellom verdas to vakraste fjordlandskap. I tillegg har me kulturbyen Bergen like ved. Alt dette vil du som elev oppleve som ein del av skulekvardagen.
Erfaringane frå ekskursjonar tek me med tilbake til klasserommet og du vil jobbe vidare med problemstillingar før og etter me har vore ute og møtt næringslivet. 

I faget yrkesfagleg fordjuping er det praksisperiodar haust og vår og du vil få heile veker i praksis. Om du vil ha praksis innan sal eller innan reiseliv er avhengig av kvar du ønskjer å bli lærling. 

I tillegg til fellesfaga norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving, tilbyr vg2 desse programfaga: 

  • forretningsdrift
  • innovasjon og marknadsføring
  • kultur og kommunikasjon
  • yrkesfagleg fordjuping

 

Internasjonalisering

Kvart år blir det utdelt fleire stipend frå Erasmus+. Dei heldige får fleire veker i praksis i utlandet. Det siste åra før koronapandemien var elevane våre i Spania i praksisperioden. 


Vegen vidare 

Etter to år på skulen kan du velje mellom å bli lærling eller du kan ta vg3 påbygg og få studiekompetanse. Vi vil hjelpe deg med førebuingar til å søkje læreplass.

Her kan du lese meir om det å bli læring