Hopp til hovedinnhold

Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Dette er faget for deg som er kreativ og interessert i IT, nettverk og visuelle uttrykksformer. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje informasjonsteknologi og medieproduksjon?

Er du interessert i data, teknologi og programmering? Me tilbyr ei kreativ og teknologisk utdanning som gjer at du vert rusta til å arbeide med IT-utvikling eller IT-drift etter to år på skule. I yrkesfagleg fordjuping samarbeider skulen med bedrifter der du kan få prøve deg i praktisk arbeid og lære om kva som krevst av deg som yrkesutøvar.


Teknologi og tekniske løysingar finst overalt i kvardagen og i arbeidslivet. Verksemder og næringsliv har eit stort behov for tilsette med IT-kompetanse, som kan sikra stabil, effektiv og trygg drift av IT-system, samt eit behov for kreativ arbeidskraft som kan utvikle og programmere gode digitale løysingar.

Fag og timetal
Fag Timetal vg1 Timetal vg2
Norsk 0 4
Engelsk 5 0
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnskunnskap 0 3
Kroppsøving 2 2
Felles programfag 17 17
YFF 6 9
Sum timetall per veke 35 35

Vg1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Fyrste året vert det undervist i desse praktiske programfaga:

  • konseptutvikling og programmering
  • produksjon og historieforteljing
  • teknologiforståing
  • yrkesfagleg fordjuping

I tillegg har ein fellesfaga engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving.

Konseptutvikling og programmering gir deg ei forståing av korleis ei digital løysing kan tilpassast ei målgruppe og forskjellige kanalar - og korleis programmering kan brukast til å kommunisere digitalt. I dette faget skal du lære korleis ein arbeider med utvikling, kostnadsberekning, datamodellering, algoritmar og regelverk.

Produksjon og historieforteljing lærer deg å produsere innhald tilpassa ulike audiovisuelle medium til ulike publikum og brukarar.

Teknologiforståing gir deg kunnskap om ulike metodar og utstyr som vert brukt i moderne produksjon - og korleis teknologi kan formidle nye uttrykk og gje nye opplevingar. I tillegg skal du lære om IT-drift, informasjonsbehandling, bærekraft, dokumentasjon, HMS og korleis ein kan sikre uønskt spreiing av data.

Vg2 Informasjonsteknologi 

På Vg2 er innhaldet i programfaga endå meir retta mot informasjonsteknologi, drift av IT-system og programmering. 

I tillegg til fellesfaga (norsk, kroppsøving og samfunnskunnskap) har du dei praktiske programfaga driftsstøttte, brukarstøtte og utvikling. I faget yrkesfagleg fordjuping er du utplassert i to periodar (tre veker om hausten og fire veker om våren). Etter søknad kan du bli valt ut til å bli utplassert i Spania dei fire utplasseringsvekene om våren.

Elevane er ute i praksis i faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF). På våren kan du søkje om Erasmus+ stipend for å ha praksis i utlandet. 

Vegen vidare

Etter to år på skulen kan du bli lærling. Du kan også ta vg3 påbygg, før eller etter læretida, og få studiekompetanse viss du vil studere vidare.

Her kan du sjå meir om det å bli lærling
Sjå også vilbli.no