Hopp til hovedinnhold

Samarbeid skule-heim

Voss gymnas ynskjer å ha eit nært og godt samarbeid med foreldra/føresette.

Startsamtale

Voss gymnas skal halde kontakt med foreldra/føresette til elevar som ikkje er myndige gjennom heile opplæringsåret. Ved oppstart får alle elevar og foreldre/føresette tilbod om ein startsamtale med kontaktlærar.

Foreldremøte

Me har foreldremøte for Vg1 om hausten (1. november) og på nyåret (7. februar). For Vg2 har me møte 24. oktober.

På desse møta vert det gjeve informasjon frå skulen si leiing og frå kontaktlærarane. I tillegg kan ein bestille konferansetid hjå kontaktlærar og faglærarar.

Me vil oppmode foreldre/føresette om å vere med på elevane sine startsamtalar i Vg1 og Vg2, og til å nytte dei foreldremøta skulen legg opp til for å få informasjon og vere i dialog om eleven si utvikling.

Karakterar

Elevar på Vg2 yrkesfag får karakterutskrift ved termin 1-oppgjeret i januar. Alle andre finn karakterane i VIS. Foreldre/føresette har innsyn i karakterane til sine barn via innlogging i VIS. Innlogging i VIS via denne lenkja.

Her kan du lese meir om karakterar og vurdering

Fråvær

Fråværsgrensa gjeld for alle elevar i vidaregåande skule, men ikkje for lærlingar, lærekandidatar og vaksne. I korte trekk gjeld fylgjande:

  • Elevar i vidaregåande skule skal møte opp og delta aktivt i opplæringa.
  • Om ein elev har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag, vil han eller ho som hovudregel ikkje ha rett til halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget, og læraren kan heller ikkje setje slike karakterar.
  • Eleven må leggja fram relevant dokumentasjon for å få fråvær unnateke frå fråværsgrensa.
  • Om eleven har mellom 10 og 15 prosent udokumentert fråvær og årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at eleven ikkje skal kunne få karakter, kan rektor avgjera at han eller ho likevel skal få karakter.
  • Fråværsgrensa gjeld timetal i enkeltfag, ikkje elevane sitt totale fråvær.
  • Eleven skal få eit varsel om at han eller ho står i fare for å ikkje få karakter på grunn av fråvær.


Her finn du meir informasjon om fråvær

Eksamen

Sentralt gjeve skriftleg eksamen er ei sluttvurdering, der kandidaten skal få høve til å syne kompetansen sin ved å løysa ei oppgåve og/eller ei kompleks utfordring. Det er læreplanen som er utgangspunkt for utarbeiding av eksamensoppgåvene. Kompetansemåla i læreplanen er grunnlaget for vurdering av kompetansen kandidaten syner i eksamenssvaret.

Eksamensperioden for sentralt gjevne skriftlege eksamenar for våren 2024 er: 21. mai til 31. mai. Offentleggjering av trekk er 15. mai kl. 09:00, gjennom oppslag i VIS.

Munnleg og munnleg-praktisk eksamen er ein lokalt gjeven eksamen. Det betyr at organisering, trekking av fag og elevar, datoar, sensorskulering, hjelpemiddel og eksamensoppgåver er eit lokalt ansvar.

Munnleg og munnleg-praktisk eksamen ved Voss gymnas vert i hovudsak gjennomført 14. juni og 20. juni. Offentleggjering av trekk er 48 timar før eksamen, kl. 09:00, gjennom oppslag i VIS.

Obligatorisk tverrfagleg eksamen for Vg2 yrkesfag vert gjennomført i veke 23 og 24.

Les meir om eksamen

Vitnemål

Vitnemål vert gjeve som dokumentasjon for bestått opplæringsløp og gjev
 studiekompetanse. For å få vitnemål må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet, i samsvar med læreplanverket, vera bestått. Fyrstegongsvitnemål vert gjeve til den som ved utløpet av normal tid har bestått vidaregåande opplæring som gjev generell studiekompetanse.

Kompetansebevis

Kompetansebevis vert skrive ut som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte. Kompetansebeviset skal syne kva standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådd på dåverande tidspunkt og kan skrivast ut etter Vg1, Vg2 eller Vg3.

Klagehandsaming

Elevar kan klage på standpunktkarakterar og eksamenskarakterar. Klagefrist er normalt 10 dagar frå offentleggjering av karakter (publisert i VIS).  Klageskjema vil krevje innlogging med MinID.

Relevant informasjon

Lover, reglar, planar og rettleiingar i vidaregåande opplæring

Skuleruta 23-24

Informasjon om Visma InSchool

Informasjonsvideo om Visma InSchool - vårt skuleadmsystem

Informasjon om ungdataundersøkinga

Informasjon om meldeknapp (mobbing, trakassering og kritikkverdige tilhøve)

Førebyggande arbeid mot radikalisering og valdeleg ekstremisme

nullmobbing.no

Tiltaksplan mot rus

Tiltaksplan mot mobbing

Plan for godt skulemiljø

Døme på kontrakt ved leige av hybel

Internat

Aktuelle nettsider i samband med innsøking:
vigo.no
vilbli.no
utdanning.no
tautdanning.no
Vestlandfylke.no