Idrettsfag

Idrettsfag tilbyr friluftsliv, idrett og fysisk aktivitet på alle nivå. Du lærer mellom anna om kosthald, kroppen sin oppbygnad og treningsleiing. Samstundes får du generell studiekompetanse.

Idrettsfag

 

 

Om du vil prestere på landets høgste nivå, eller berre er veldig glad i å trene mot ein bestemt idrett, er Voss gymnas skulen for deg. Me fokuserer på progresjon i trening over tid. Me trenar for å kunne trene enda meir. I treningsarbeidet vert dette tilpassa idretten du fordjupar deg i.

På idrettslina får du trena ti timar per veke med det du tykkjer er kjekkast, i form av ein toppidrett eller fleire idrettar (breiddeidrett). Du får utvikla deg personleg så vel som sportsleg. Idrettsteorifaga er kopla opp mot dei praktiske treningsfaga. Det er tett oppfylging mot deg som elev og god dialog mellom trenarar og lærarar om din faglege progresjon.

Godt samarbeid med lokale klubbar innan fotball og handball. Dei fleste elevane våre spelar aktivt på klubblag. Samarbeid med Brann og Olympiatoppen Vest i høve til enkeltspelarar.

Vestlandets beste vintertreningsfasilitetar for langrenn/skiskyting, alpint, kulekjøring og freeski/snowboard like i nærleiken.

 

  • Toppidrett innan fotball og handball.
  • Breiddeidrett innan fotball og freeski eller handball og freeski.
  • Ny og topp moderne skule med fullskala basis/turnhall og handballhall, styrketreningsrom, spinningrom og slyngerom.
  • Kunstgrasbanar og grasbane som gjev gode treningstilhøve uansett vêr.
  • Nytt symjeanlegg, Vossabadet, rett ved skulen.
  • Flotte treningsløyper i grøne omgjevnader like ved skulen.
  • Generell studiekompetanse.
  • Treningsleir i 3. klasse på Lanzarote.
  • Elevutveksling med Island gjennom Nordplus-stipend.
  • Høgt kvalifiserte og erfarne trenarar/lærarar.
  • Eit svært godt elevmiljø.

Idrettsfag toppidrett ski

 

 

Om du vil prestere på landets høgste nivå, eller berre er veldig glad i å trene mot ein bestemt idrett, er Voss gymnas skulen for deg.

Me fokuserer på progresjon i trening over tid. Me trenar for å kunne trene enda meir. I treningsarbeidet vert dette tilpassa idretten du har valt.

«... Voss, Norges fremste idrettsbygd. Med 18 O L-medaljer (6-5-7) i Vinter-OL ville Voss ... ha vært nr 21 på listen over mestvinnende nasjoner i Vinter-OL gjennom tidene. I tillegg ... har vossinger vunnet 68 VM-medaljer (21-25-22) i skiskyting, kulekjøring, alpint, hopp og langrenn. Totalt 86 medaljer i OL og VM! Det er nesten ufattelig».

- Idrettshistorikar Tom A Schanke 25.01.2016 Kyllingposten.

Du får trent ti timar pr veke med det du tykkjer er kjekkast, og vert utvikla personleg så vel som sportsleg.

Idrettsteorifaga er kopla opp mot dei praktiske treningsfaga. Det er tett oppfylging av deg som elev og god dialog mellom trenarar og lærarar om din faglege progresjon.

Skulen har på årsbasis fire samlingsveker, då er det fokus på trening kvar dag og jobbing med lekser på kveldstid. Samlingane vert på plassar med gode snø- og treningsforhold.

 

  • Vestlandets beste vintertreningsfasilitetar for langrenn/skiskyting, alpint, kulekjøring og freeski/snowboard i umiddelbar nærleik.
  • Toppidrettslina på Voss gymnas er eit samarbeid mellom Voss gymnas og Olympiatoppen region Vest. I tillegg samarbeider samtlege idrettar med lokale idrettslag i bygda for å laga eit heilskapleg opplegg.
  • Voss gymnas har fire trenarar på langrenn og skiskyting, ein på freestyle og ein på alpint. Ein fysioterapeut er til stades tre skuletimar pr veke, og skulen har samarbeidsavtale med ein kiropraktor. Samarbeidet med Olympiatoppen gjev oss tilgang til idrettslege stasjonert i Bergen med tilhøyrande spesialisthelsetjeneste.

 

Fag og timetal
Fag Timetal vg1 Timetal vg2 Timetal vg3
Engelsk 5 0 0
Framandspråk 4 4 0
Geografi 0 2 0
Historie 0 2 4
Matematikk 5 3 0
Naturfag 5 0 0
Norsk 4 4 6
Religion og etikk 0 0 3
Samfunnskunnskap 0 3 0
Aktivitetslære 5 5 5
Idrett og samfunn 0 2 3
Toppidrett/breiddeidrett 5 5 5
Treningsleiing 2+3 0 3 4
Treningslære 2 2 5
Sum timetal per veke 35 35 35

Vg1

På Vg1 er klassen samla i nesten alle timar. Fellesfag er: norsk, naturfag, engelsk, matematikk og framandspråk -spansk, tysk eller fransk. Har du ikkje hatt framandspråk på ungdomsskulen må du velja spansk og ha det i 3 år.

Du kan velja mellom praktisk og teoretisk matematikk.

[kobling til Framandsprål]

[kobling til Matematikk, 1T og 1P]

 

Idrettsfag

Ynskjer du å trena mot ein idrett kan du velja mellom toppidrett fotball eller toppidrett handball. Du kan og kombinera to idrettar: fotball og friski/snowboard eller handball og friski/snowboard til breiddeidrett. Allereie fyrste året trener du med elever på tvers av klassetrinna, dette skaper eit godt utviklingsmiljø. Du lærer grunnleggjande idrettsteori og får inn gode grunnleggjande treningsrutinar. Du lærer å trena for å kunna trena.

Timeplanen er lagt opp med 8 timar trening i veka + 10 fagdagar gjennom året.

Du blir godt kjend med medelevar i form av friluftslivstur. I Vg1 er dette fottur i fjellet og padletur i kajakk. Den går på hausten saman med Toppidrett ski klassen.

Du har høve til å søkja om å bli med på Nordplus utveksling til Island ei veke om våren..

Programfaga du har er aktivitetslære og toppidrett / breiddeidrett og treningslære.

Les meir om programfag for idrett

 

Idrettsfag toppidrett ski

Ynskjer du å trena mot ein idrett kan du velja mellom toppidrett alpint, snøbrett friski, langrenn og skiskyting. Allereie fyrste året trener du med elever på tvers av klassetrinna, dette skaper eit godt utviklingsmiljø. Du lærer grunnleggjande idrettsteori og får inn gode grunnleggjande treningsrutinar. Du lærer å trena for å kunna trena.

Timeplanen er lagt opp med 8 timar trening i veka + 10 fagdagar gjennom året.

Du blir godt kjend med medelevar i form av friluftslivstur. I vg1 er dette fottur i fjellet og padletur i kajakk. Den går på hausten saman med idrettsklassen.

Programfaga du har er aktivitetslære og toppidrett og treningslære.

Les meir om programfag for idrett

 

Vg2

På Vg2 er klassen samla i fylgjande ordinære fellesfag: norsk, samfunnsfag, geografi og historie. Du held fram med framandspråket du hadde på Vg1 og praktisk matematikk eller programfaget matematikk R1 om du hadde teoretisk matematikk på Vg1.

 

Idrettsfag

Du held fram med 8 timar trening pr veke + 10 fagdagar i faga aktivitetslære og toppidrett el. breiddeidrett.

På vg2 får du to nye fag: Treningsleiing og Idrett og samfunn. Treningsleiing er eit teoretisk/praktisk fag. Faget tek føre seg instruktør- og coaching-rolla i idretten og du får prøva deg som trenar for dei andre i gruppa. Idrett og samfunn er eit teoretisk/munnleg fag. Faget tek føre seg korleis idretten påverkar samfunnet og omvendt.

Treningslære held du fram med frå vg1 – gjev deg teoretisk grunnlag for alle praktiske faga.

Om hausten er det friluftstur med sykling og fjelltur med overnatting.

Du har høve til å bli med på Nordplus utveksling til Island.

I det daglege treningsarbeidet vert det utvikla endå meir spesifikke eigenskapar for toppidretten.

Les meir om programfag for idrett

 

Idrettsfag toppidrett ski

I Vg2 får du to nye fag: Treningsleiing og Idrett og samfunn.

Treningsleiing er eit teoretisk/praktisk fag. Faget tek føre seg instruktør- og coaching-rolla i idretten. Du lærer å leie, instruere og kommunisere med ulike grupper menneske gjennom ulike aktivitetar og undervisningsmetodar. Hovudområda er trener- og leiarrolla, leiing i praksis og arrangement.

Idrett og samfunn er eit teoretisk fag. Faget har eit historisk perspektiv, men tek og føre seg korleis idretten og samfunnet gjensidig påverkar kvarandre. Eit refleksjonsfag som set deg i stand til å forstå ulike perspektiv kring idretten i samfunnet, Dette er eit fag som har relevans til samfunnsfag og historie med hovudområde som: Idrettshistorie, idrett og verdiar, idretten i samfunnet og organisering av idretten.

Treningslære held du fram med frå Vg1 medan Aktivitetslære òg bygger vidare på det du lærte på Vg1.

I det daglege treningsarbeidet vert det utvikla endå meir spesifikke eigenskapar for toppidretten.

Les meir om programfag for idrett

Vg3

På vg3 er klassen samla i fylgjande ordinære fellesfag: norsk, historie og religion.

 

Idrettsfag

Trening 8 timar i veka + 10 fagdagar i aktivitetslære og toppidrett / breiddeidrett. Dei teoretiske og praktiske faga vert endå meir samanvevd. I det daglege treningsarbeidet er det eit større fokus på prestasjon i ein toppidrett enn i breiddeidrett.

I januar dreg heile klassen til Klubb La Santa på Lanzarote for å trena allsidig på eit fantastisk anlegg saman med andre skuleklassar og klubbar. Dette er ein tur som er basert på dugnadsfinansiering.

Seinvinter dreg klassen på ski med overnatting og kurs i høve til sikker ferdsel i fjellet.

Les meir om programfag for idrett

 

Idrettsfag toppidrett ski

Trening 8 timar i veka + 10 fagdagar i aktivitetslære og toppidrett / breiddeidrett. Dei teoretiske og praktiske faga vert endå meir samanvevd. I det daglege treningsarbeidet er det eit større fokus på prestasjon i ein toppidrett enn i breiddeidrett.

Seinvinter dreg klassen på ski med overnatting og kurs i høve til sikker ferdsel i fjellet.

Les meir om programfag for idrett

Vegen vidare

Etter fullført og bestått tre år i skule har du fått studiekompetanse og kan søka opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du òg informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane.

Har du ikkje bestemt deg kan du få gode tips hjå samordna opptak og utdanning.no

Helsing frå tidlegare elevar

Hilde Fenne, skiskyting:

Eg likte meg veldig godt på gymnaset, på grunn av klassemiljøet og idrettsmiljøet. Bra tilrettelegging av idrettsatsing og skule. Flinke lærarar som lærte meg mykje om trening.

Sjur Røthe, langrenn:

Moglegheita for å kombinera skule og trening gjorde at eg valde å gå på Voss gymnas. Eit utruleg bra miljø i klassen, lærarar som la til rette for individuelle tilpassingar for meg som ski-elev, i tillegg gjorde dyktige trenarar at eg stortreivst som elev på gymmen. Utan tvil mine tre beste år på skulebenken!

Vinjar Slåtten, freestyle:

Godt skulemiljø og ein eksepsjonelt grom klasse gjorde at eg hadde tre kjekke år på toppidrettslinja ved Voss gymnas. Det var ein fin balanse mellom trening og fag, der me nok hadde marginalt meir av sistnemnde. For meg som grunna idretten var omtrent like mykje borte som eg var på skulen, var lærarane svært flinke til å leggja til rette med planar og for prøvar. Dette gjorde det mogleg å kombinera verdscup i kulekøyring med generell studiekompetanse. For meg var valet å byrja på toppidrettslinja ei Nash-likevekt, skulle eg valt igjen, hadde eg gjort det same valet. Byrj på Voss gymnas, det vert kjekt.

Erling Sjøtun, alpint:

Tre lærerike år som eg aldri ville vore foruten. På gymnaset fekk eg moglegheit til å kombinere skulegang med det eg likte aller best, å stå på ski store deler av året.