Studiespesialisering

Elevar i klasserommet.

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Me tilbyr

Studiespesialiserande utdanningsprogram gjer deg svært godt kvalifisert til vidare studium ved høgskular og universitet. Du kan ta generell eller spesiell studiekompetanse.

På vg1 er det felles fag, og du har dei fleste timane saman med klassen din.

På vg2 byrjar du å velja programfag. Du kan velja å fordjupa deg i fag innan språk, samfunnsfag, økonomi eller innan realfag.

Programfag vel du frå programområda:
Realfag
Språk, samfunnsfag og økonomi

Kvifor studiespesialisering

Har du ikkje heilt avgjort kva utdanning og jobb du vil sikta deg inn mot? I så fall kan studiespesialisering vera ei god plattform vidare. Du vert godt budd til vidare utdanning, og du kan fordjupa deg i fagområde som du er interessert i - anten du likar språk, samfunnsfag eller ulike realfag.

Realfagskompetanse er sterkt etterspurt av industri, næringsliv og offentlege institusjonar, og kvalifiserer for mange spanande og utfordrande stillingar. Spesiell studiekompetanse får du hjå oss ved å kombinera ulike realfag.

Både språk, samfunnsfag, økonomifag og realfag gjev deg dessutan gode moglegheiter til å påverke og utvikle samfunnet vårt mot ei berekraftig framtid på mange område.

Fag og timetal
Fag Timetal vg1 Timetal vg2 Timetal vg3
Engelsk 5 0 0
Framandspråk 4 4 0
Geografi 2 0 0
Historie 0 2 4
Kroppsøving 2 2 2
Matematikk 5 3 0
Naturfag 5 0 0
Norsk 4 4 6
Programfag 0 15 15
Religion og etikk 0 0 3
Samfunnskunnskap 3 0 0
Sum timetal per veke 30 30 30

Vg1

Fellesfag

På vg1 er klassen samla i dei aller fleste timar. Unnataka er i framandspråk, matematikk og i studiesprek. I fellesfaga er klassen samla. Fellesfaga er: norsk, geografi, samfunnsfag, naturfag, engelsk og kroppsøving.

Framandspråk

Framandspråk gjev deg god kompetanse, både i vidare studium og i arbeidslivet. Voss gymnas tilbyr opplæring i spansk, tysk og fransk. Om du ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen, må du ta spansk over tre år ved Voss gymnas. Om du hadde framandspråk på ungdomsskulen, er det vanleg å fortsetja med dette språket i to år på Voss gymnas.
Les meir om framandspråk

Matematikk

Du kan velje om du til ta 1P- eller 1T-matematikk. Begge har like mange timar, men varierer med omsyn til innhald. P-matematikk er meir praktisk, medan T-matematikk er meir teoretisk og retta mot realfag.
Les meir om 1P og 1T 

Studiesprek

Studiesprek er faget som gjev deg fem timar ekstra i veka med ulike aktivitetar og idrettar. Perfekt for deg som ynskjer å gå studiespesialiserande men samstundes ynskjer ein aktiv kvardag!  Les meir om studiesprek

 

Vg2


Fellesfag

På vg2 er klassen samla i fylgjande fellesfag: norsk, historie og kroppsøving.

Framandspråk
Du held fram med framandspråket du hadde på vg1. Les meir om framandspråk
 
Matematikk
På vg2 er det vanleg å velje 2P-matematikk. Dei som ynskjer å fordjupa seg i matematikk, vel programfaget matematikk R1. Les meir om matematikkfaget
 

Programfag

På vg2 vel du programfag. To av desse må høyra til same området (realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi). Du må halda fram med desse på vg3, og dei vert såleis fordjupingsfaga dine. Til saman vel du tre eller fire programfag.

Du kan velja mellom desse faga:

Realfag
  • matematikk R1
  • fysikk 1
  • kjemi 1
  • biologi 1

Språk, samfunnsfag og økonomi
  • historie og filosofi 1
  • sosiologi og sosialantropologi
  • rettslære 1
  • engelsk 1
  • psykologi 1
  • sosialkunnskap

I tillegg tilbyr me programfaget breiddeidrett.

Vg3


Fellesfag

På vg3 er klassen samla i fylgjande fellesfag: norsk, historie, religion og kroppsøving.

Programfag

På vg3 held du fram med minst to av faga du hadde på vg2. Det tredje faget kan vera frå eit anna programområde.

Realfag
  • matematikk R2
  • fysikk 2
  • kjemi 2
  • biologi 2

Språk, samfunnsfag og økonomi
  • historie og filosofi 2
  • politikk og menneskerettar
  • rettslære 2
  • engelsk 2
  • psykologi 1

I tillegg tilbyr me programfaget breiddeidrett

 

Vegen vidare

Etter fullført og bestått tre år i skule har du fått studiekompetanse og kan søka opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du òg informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane.

Har du ikkje bestemt deg kan du få gode tips hjå samordna opptak og utdanning.no