Historie

Voss gymnas opna offisielt 1. august 2017. Då var skulesamanslåinga på Voss fullført og dei fem skulane Voss gymnas, Voss husflidskule, Rogne vidaregåande skule, Voss vidaregåande skule og Voss jordbruksskule hadde blitt til to nye: Voss gymnas og Voss vidaregåande skule.

I løpet av prosessen med skulesamanslåinga vart det òg avgjort å leggje ned Hjeltnes vidaregåande skule i
Ulvik, og flytte deira tilbod til Vossaskulane. Hjeltnes har seinare blitt produksjonsskule og skulane på Voss samarbeider med denne.

Voss gymnas har omlag 600 elevar fordelt på åtte utdanningsprogram, både studieførebuande og yrkesretta. Innan for utdanningsprogrammet for idrettsfag har skulen ei toppidrettssatsing innan skiidrettane, i samarbeid med Olympiatoppen Vest.

Vidare tilbyr skulen vaksenopplæring og innføringsklasse for minoritetsspråklege elevar. Om lag 120 tilsette arbeider til dagleg ved Voss gymnas.

Til skulestart i 2018 vart det gamle jugendbygget frå 1919 totalrenovert. Det betyr at heile skulen no er ny og moderne.