Musikk, dans og drama

Driv du med musikk, dans eller drama på fritida? Er du samstundes interessert i teoretiske fag? Då kan du slå saman interesse med skule og oppnå generell studiekompetanse.

Me tilbyr

Dette er studiet for deg som ønskjer eit godt fagleg grunnlag for vidare utdanning innan mellom anna. musikk. På musikklina blir instrument, samspel og musikalsk utvikling ein raud tråd gjennom heile skuletida di.

I tillegg til fokus på fordjupingsinstrumentet ditt, vil du få undervisning i blant anna song, pianospel, kor og samspel og få innblikk i musikkhistorie, teori og praktisk musikklære, innan stilartar som til dømes jazz, rock eller klassisk,

Som elev på musikklina får du vere med på konsertar både som utøvar og tilhøyrar, og kvart tredje år har vi ei større framsyning med musikk, dans og drama der alle musikkelevane er med.

Søkjer du musikklina som første prioritet får du tilbod om eit prøvespel. Denne er ikkje obligatorisk, men du kan få tilleggspoeng for musikalsk dugleik. Dei aller fleste elevane kjem inn på grunnlag av karakterar og dei ordinære poenga dei har frå ungdomsskulen.

Utdanningsprogram for musikk, dans og drama har 15 elevplassar på vg1, og 15 elevplassar på vg2 og 15 på vg3. Programområde er sett saman av både teorietiske og praktiske fag.

På Voss gymnas tilbyr vi vg1 grunnkurs i Musikk, dans og drama, og vg2, vg3 fordjuping i musikk.

Kvifor musikk, dans og drama?

Ynskjer du å studere musikk på høgskular i Noreg eller i utlandet? Eller ynskjer du generell studiekompetanse samstundes som du får utvikla musikkinteressa di? Ei brei kompetanse innan musikk er nyttig anten du skal søkje vidare studiar innan musikk, eller du ønskjer å vere ein ressurs i det lokale kulturlivet generelt.

Hos oss får du eit musikkmiljø prega av samspel og musikkglede, med opplæring i praktiske musikkfag og solid fagleg innføring i musikalske emne. Her lærer du å utvikle deg saman med andre som deler dine interesser, i samspel med lærarar som engasjerer seg i kvar enkelt elev.

Fag og timetal
Fag Timetal vg1 Timetal vg2 Timetal vg3
Norsk 4 4 6
Matematikk 5 3 0
Engelsk 5 0 0
Naturfag 5 0 0
Framandspråk 4 4 0
Samfunnskunnskap 0 3 0
Geografi 0 2 0
Religion 0 0 3
Historie 0 2 4
Programfag 12 17 22
Sum timetal per veke 35 35 35

Første året

Fellesfag

Klassen er samla i fylgjande ordinære fellesfag: norsk, naturfag og engelsk.

Framandspråk

Framandspråk gjev deg god kompetanse, både i vidare studium og i arbeidslivet. Voss gymnas tilbyr opplæring i spansk, tysk og fransk. Om du ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen må du ta spansk over tre år ved Voss gymnas. Om du hadde framandspråk på ungdomsskulen, er det vanleg å fortsette med dette språket i to år på Voss gymnas.

Matematikk

Du kan velje om du til ta 1P- eller 1T-matematikk. Begge har like mange timar men varierer med omsyn til innhald. P-matten er meir praktisk, medan T-matten er meir teoretisk.

Musikkfag

Du vil på vg1 få ei innføring i musikkfag. Du får opplæring med eigen instrumentallærar på eitt fordjupingsinstrument, i tillegg til bruksinstrument. Du får syngje i kor med alle dei andre elevane på musikk, dans, drama, og spele i grupper. I faget lytting lærer du meir om musikken du høyrer, korleis han er sett saman, korleis han fungerer osb. Du får opplæring i musikkteori (notar, akkordar, rytme osb). 

Andre året

Fellesfag

På vg2 er klassen samla i fylgjande ordinære fellesfag: norsk, samfunnsfag, geografi og historie.

Du fortsett med framandspråket du hadde på vg1.

På vg2 er det vanleg å velje 2P-matematikk. Dei som ynskjer å fordjupe seg i matematikk vel programfaget Matematikk R1.

Musikkfag

På vg2 får du meir opplæring på fordjupingsinstrument og piano. Dette året lærer du å spele etter besifring på piano. Du vil lære å komponere, lage musikk i ulike stilartar for ulike instrument. Du lærer òg å oppfatte rytme, akkordar og melodi i musikk (gehør). Dette året byrjar eit to-årig arbeid med musikkhistorie innan klassisk, jazz, folkemusikk, pop/rock og andre stilartar.

Tredje året

Fellesfag

På vg3 er klassen samla i fylgjande ordinære fellesfag: norsk, historie og religion.

Musikkfag

Arbeidet med fordjupingsinstrument, kor og samspel held fram dette året. Komponering, gehør og musikkhistorie byggjer på det ein lærte på vg2. Nytt fag dette året er instruksjon og leiing. Her lærer du å dirigere andre, arrangere konsertar og utvikle prosjekt sjølv.

Vegen vidare

Etter fullført og bestått tre år i skule har du fått studiekompetanse og kan søka opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du òg informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane.

Har du ikkje bestemt deg kan du få gode tips hjå samordna opptak og utdanning.no