Eksamensgjennomføring

Her finn du informasjon om lokal eksamensplan, praktiske opplysningar og tilrettelegging av eksamen.

Eksamen

Sentralt gjeve skriftleg eksamen er ei sluttvurdering, der kandidaten skal få høve til å syne sin kompetanse ved å løysa ei oppgåve og/eller ein kompleks utfordring. Det er læreplanen som er utgangspunkt for utarbeiding av eksamensoppgåvene. Kompetansemåla i læreplanen er grunnlaget for vurdering av kompetansen kandidaten syner i eksamenssvaret.

Eksamensperioden for sentralt gjevne skriftlege eksamenar for våren 2022 er: 18. mai til 03. juni. Offentleggjering av trekk er 12. mai kl. 09:00, gjennom oppslag i skuletorget og på Its learning.

Munnleg og munnleg-praktisk eksamen er ein lokalt gjeven eksamen. Det betyr at organisering, trekking av fag og elevar, datoar, sensorskulering, hjelpemiddel og eksamensoppgåver er eit lokalt ansvar.

Munnleg og munnleg-praktisk eksamen ved Voss gymnas vert i hovudsak gjennomført 10. juni og 16. juni. Offentleggjering av trekk er 48 timar før eksamen, kl. 09:00, gjennom oppslag i skuletorget og på Its learning.

Obligatorisk tverrfagleg eksamen for Vg2 yrkesfag vert gjennomført i veke 23.

Vitnemål

Vitnemål vert gjeve som dokumentasjon for bestått opplæringsløp og gjev studiekompetanse. For å få vitnemål må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet, i samsvar med læreplanverket, vera bestått. Fyrstegongsvitnemål vert gjeve til den som ved utløpet av normal tid har bestått vidaregåande opplæring som gjev generell studiekompetanse.

Kompetansebevis

Kompetansebevis vert skrive ut som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte. Kompetansebeviset skal syne kva standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådd på dåverande tidspunkt og kan skrivast ut etter Vg1, Vg2 eller Vg3.

Klagehandsaming

Elevar kan klage på standpunktkarakterar og eksamenskarakterar. Klagefrist er normalt 10 dagar frå offentleggjering av karakter (publisert på Skulearena). Ei kort rettleiing for elevar ligg på denne sida: www.vestlandfylke.no/standpunkt. Klageskjema som elevane skal bruke vert lagt på denne sida seinast den 12. juni. Skjemaet vil krevje innlogging med MinID.

Les meir om eksamen