Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign

Er du kreativ, estetisk anlagt og interessert i å arbeide med hendene? Då kan Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign vere noko for deg. Du går 2 år på skule og kan deretter gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Me tilbyr

Skulen tilbyr to nye og flotte finverkstader, grovverkstad, keramikkverkstad og grafikkverkstad. Me har ei klasse med til saman 15 elevplassar på vg1 og 15 elevplassar på vg2 frisør. Elevane på vg2 frisør brukar skulen sin frisørsalong for opplæring og mottak av kundar.

Som elev på på dette utdanningsprogrammet får du innføring i ulike kreative handverk, og du får prøve ut ulike kreative handverk, både på ekskursjonar til ulike handverksbedrifter og i praksisutplassering. Frisørelevane deltek kvart år på meisterskap, t.d. Noregsmeisterskapen. Skulen sender kvart år elevar frå frisør på praksis i utlandet i fleire veker gjennom det europeiske utvekslingsprogrammet Erasmus+.

I delar av skuleåret vil du gjennom skulen få praksisperiodar ute i ulike bedrifter. Dette kan vere organisert enten som éin dag i veka eller i periodar (t.d. over to veker).
Med frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign kan, mellom andre, desse yrka vere aktuelle:

  • blomedekoratør
  • frisør
  • interiørkonsulent eller utstillingsdesignar

Kvifor velje Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign?

Ynskjer du å arbeide praktisk med kreative design- og handverksfag – frå idé til ferdig produkt? Ynskjer du å utvikle dine skapande evner og din estetiske kompetanse? Kompetanse innan kreative handverk er nyttig anten du ønskjer å utdanne seg som frisør, blomedekoratør, interiørdesignar, eller du berre ønskjer å utvikle dine kreative evner.

Du treng ikkje å vere flink til å teikne for å starte på dette utdanningsprogrammet, men du må like å bruke hendene dine til praktisk arbeid og du må ha lyst til å lære. Du får opplæring i komposisjon, form og farge, teikning og teknikkar. Dersom du allereie no veit kva du vil bli, kan du fordjupe deg i ditt fagområde.

Dette er studiet for deg som ønskjer eit godt grunnlag for å arbeide med kreative design- og handverksfag.

Fag og timetal
Fag Timetal vg1 Timetal vg2
Norsk 0 4
Engelsk 5 0
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnskunnskap 0 3
Kroppsøving 2 2
Felles programfag 17 17
YFF 6 9
Sum timetall per veke 35 35

Første året

Vg1, frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign

I løpet av dette året vil du bli kjent med fleire yrke, og du får arbeide praktisk med oppgåver innan dei ulike yrke som ligg under dette utdanningsprogrammet.


Du vil få grunnleggande kunnskapar om komposisjon, form og fargelære, teikning og helse, miljø og tryggleik. Du lærer å nytte ulike teknikkar, verktøy, maskiner og materialar. Du vil arbeide med alle fasar i ei produktutvikling frå ideutvikling, planlegging, gjennomføring og vurdering til presentasjon av produktet. Programfaga skal gi deg erfaring med entreprenørskap, utvikling og produksjon av kreative design- og handverksprodukt på eit grunnleggande nivå.

Andre året

Vg2, Frisør

Skulen har ei klasse med til saman 15 elevplassar på vg2 Frisør. Me har ein eigen frisørsalong, og elevane nyttar denne til fagopplæring med spesialisering som frisør.
Innan frisørfaget vil du arbeide med visuelle hjelpemiddel og eksperimentere med teknikkar innanfor hårdesign.

Det vil også vere sentralt med god kommunikasjon med kundar i kundekonsultasjon. Bruk av verktøy, material og val av ulike løysingar knytt til hår og makeup, står sentralt i frisørfaget. HMT er òg viktige element i faget.

Du vil óg få prøve deg i ei bedrift. Denne kontakten med ulike bedrifter kan vere med på å gje deg læreplass. Du kan då, etter at du er ferdig på skule, få deg lærekontrakt og seinare sveinebrev som frisør.

Vegen vidare

Etter to år på skulen kan du velje mellom å bli lærling eller du kan ta vg3 påbygg og få studiekompetanse.
Her kan du sjå meir om det å bli lærling