8. april inviterer gymnasrussen til bedriftsstafett til inntekt for kreftsaka.
Gymnashaugen rundt er eit stafettløp arrangert av gymnasrussen for å samle inn pengar til kreftsaka. Løpet går rundt Gymnashaugen og innom Voss gymnas sine lokaler, og kvar bedrift stiller med eit lag på minimum fire personar. Det er sju etappar og total lengde er 2,5 km.
Det blir trekt flotte premiar etter løpet. Påmeldingsavgifta (som bedriftene vel sjølv - minimum 1000 kr per lag) går uavkorta til Kreftforeningen. Sjå meir informasjon og påmeldingsskjema på gymnashaugenrundt.no.
![]() |
