Tysdag 27. januar inviterer Voss gymnas alle føresette/foreldre til føredrag i Gymnashallen kl. 18:00-19:00. Etterpå vert det foreldremøte for vg1 frå kl. 19:00-19:45.
Føredragshaldar:
Lene Holmen Berg, Koordinator Mini-RISK i Kristiansand kommune.
Tema:
«Ikkje farleg, berre litt ubehageleg. Korleis støtta for å få robuste ungdommar og vaksne?».
Voss gymnas inviterer til føredrag der me tek opp eit viktig tema knytt til korleis ein som vaksne handterer kjenslene til ungdommen vår i kvardagen og ulike situasjonar dei står i.
Elevane har som del av skulen sin temadag hatt eige føredrag med same tema.
Ynskje om samtale med faglærar/kontaktlærar?
Føresette som ynskjer samtale med kontaktlærar eller faglærarar må gjere avtale om dette direkte med den det gjeld. Ein eventuell samtale kan gjennomførast på telefon eller ved fysisk oppmøte på det tidspunktet de vert samde om.
Kontaktinformasjon til våre tilsette finn du her ved å bruke søkefunksjonen. Treng du hjelp, kan du ta kontakt med ekspedisjonen.
Me ynskjer godt samarbeid med føresette, og at de vert godt kjende med skulen og våre tilsette.
Det er få parkeringsplassar på skulen. Parker gjerne i parkeringshuset Vossapark.
Vel møtt!
For Voss gymnas
Håvard V. Styve