Hopp til hovedinnhold

Foreldremøte februar 2023

Voss gymnas sine bygningar og parkeringsplass

Voss gymnas ynskjer velkomen til føredrag og foreldremøte.

Føredrag

I samband med foreldremøte den 7. februar ynskjer skulen å invitere foreldre og føresette til føredrag med Marthe Valle. Føredraget vert halde i gymnashallen med oppstart kl. 18.00. Temaet er psykisk helse blant ungdom og Marthe ynskjer å snakke om korleis ein kan møte ungdom der dei er, ta deira utfordingar på alvor, men òg bidra til viktig nyansering av kva som er psykiske lidingar og kva som er naturleg å forvente av motgang i livet.

Tidlegare på dagen har Marthe helde føredrag for alle elevar på Voss gymnas om det same temaet. På kvelden ynskjer me å kople på foreldre/føresette slik at me som alle er viktige i borna sin utvikling er påkopla desse tinga. Marthe sjølv har eit sterkt ynskje om at føresette skal få same føredrag på skular ho besøker, då ein i foreldrerolla òg har behov for kompetanse kring temaet. 

Ungdommen får konkrete verktøy for å forstå både følelsar, sjølvkjensle og korleis ein kan skilje mellom normale vanskar og ubehag, og psykisk liding.  

Marthe Valle er ein artist og føredraget består òg av musikkinnslag med  musikk/tekst rundt temaet psykisk helse og livsmeistring.

Foreldremøte for vg1

For vg1 vert det frå kl. 19.05 ordinært foreldremøte med samling klassevis med kontaktlærar og høve til samtale med faglærar dersom ein melder behov i førekant.

Ynskjer du å snakke med faglærar? Send e-post til post.vgy@vlfk.no, innan sundag kveld, med fylgjande informasjon:

Klasse:
Elevnamn:
Namn og tal på føresette som kjem:
Namn på faglærar(ar) ein ynskjer å snakke med:

Me ynskjer eit godt samarbeid og at føresette vert godt kjende med skulen og våre tilsette.

VEL MØTT PÅ FØREDRAG OG FORELDREMØTE!