Fyrste skuledag ved Voss gymnas vert torsdag 14. august 2025.
Denne dagen er sett av til startsamtalar mellom kontaktlærarar og elevar. Alle elevar vil få tilsendt SMS av kontaktlærar i veke 33 med tidspunkt for samtale.
Før eller etter startsamtale kan du hente ut skulebøker på biblioteket.
I vedlagte informasjonsskriv finn du meir informasjon om skulestart. Det er viktig at du les gjennom informasjonen og tek med nødvendige skjema ferdig utfylt.
Informasjon om elev-pc skuleåret 2025-2026
All informasjon om ordninga ligg på nettsida https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/.
NB! I nokre utdanningsprogram vil det vere ein fordel med maskiner med høgare yting fordi ein bruker spesielle program, til dømes Informasjonsteknologi og Medieproduksjon (IM) og Musikk, dans og drama (MDD).
Me ser fram til eit nytt skuleår saman!