Hopp til hovedinnhold

Elevtenester

På denne sida finn du informasjon om ulike tilbod til deg som er elev.

studspes.jpg

Rådgjevarane våre

Rådgjevarane våre kan hjelpe deg med spørsmål om val av utdanningsprogram og fag. Treng du råd og rettleiing når det gjeld vegen vidare etter vidaregåande skule? Då kan du snakke med ein av rådgjevarane våre.

 

Avdelingsleiar for elevtenester

Terje Lydvo er avdelingsleiar for elevtenester ved Voss gymnas. Han har kontor i fyrste høgda.

Terje Lydvo

avdelingsleiar elevtenester
Terje Lydvo
Internatet

Internatet

Internattilbodet vårt er på Rogne, nær sjukehuset og kort veg til Voss sentrum. Internatet er eit trygt og fint tilbod for elevane. Du bur ilag med ungdomar på din eigen alder, det er alltid nokon å vera ilag med. Internatet er felles for dei vidaregåande skulane på Voss.

Du kan ta kontakt med internatleiar: telefon 902 99 915.

Elevkoordinator

Hilde Marie Kårbø er elevkoordinator ved Voss gymnas. Elevkoordinator skal arbeide med elevane og fylgje opp slik at dei kan gjennomføre vidaregåande opplæring på ein god måte.

Hilde Marie Kårbø

undervisningsstilling

 

Biblioteket

Du finn biblioteket i 2. høgda. På biblioteket kan du mellom anna få hjelp til å finne bøker eller du kan gjere gruppearbeid.

Les meir om biblioteket

Frukt og grønt i kantina.

Noko å ete?

Har du det litt for travelt om morgonen til å ete frukost eller lage niste? Då er det bra at me har ei kantine med eit stort utval av både mat og drikke.