Hopp til hovedinnhold

Presisering om hybridskule 6. mars

Med utgangspunkt i vêrmeldinga og farevarsel som er sendt ut for torsdag 6. mars, presiserer Voss gymnas fylgjande: Skulen vil vera open, men elevar som bur utsett til i høve ras og flaum, må saman med føresette vurdere om dei skal kome til skulen. Det skal vera låg terskel for å vurdere å vera heime for dei som har skuleveg langs flaum- og rasutsett veg.

Dersom ein vurderer at ein ikkje kan kome til skulen, må ein sende melding til kontaktlærar og kommunisere med faglærarar om opplæring heimefrå.