Hopp til hovedinnhold

Hugs søknadsfristen!

Voss gymnas.jpg

Kvifor velje Voss gymnas?

1. mars er søknadsfristen til vidaregåande opplæring. Vel du Voss gymnas får du, i tillegg til yrkesfagleg eller studieførebuande kompetanse, dette:

- kort veg til alt. Skulen vår ligg i sentrum so du slepp å bruke unødig tid for å kome deg hit eller dit. Du går av bussen i Voss sentrum og er på klasserommet etter fem minutt.

- eit trygt skulemiljø. Elevundersøkinga syner at Voss gymnas er ein skule der elevar kjenner at det er fint å vera. MOT-arbeidet gjer at skulemiljøet er viktig for alle, både elevar og tilsette.

- gratis skulefrukost. Kvifor ikkje bruka tida du sparer på reise til å spise ein god frukost før skulestart?

- aktivitetskveld. I dei fantastiske fasilitetane til skulen kan du leike, trene og vere aktiv med vener.

- god opplæring og høgt læringstrykk. Hugs at studiekompetanse er noko du, etter endt skulegang, har med deg i hovudet, ikkje noko som står på eit stykke papir.