Hopp til hovedinnhold

MOT

Årets MOT-coacher i Vestland!

MOT – «utvikle robust ungdom som inkluderer alle»

Voss gymnas er ein stolt MOT-skule som arbeidar systematisk for å sikre at elevane har eit godt psykososialt miljø og eit trygt læringsmiljø. Me ynskjer å vere ein skule som er i førekant på arbeidet med det psykososiale miljøet for våre elevar og me ynskjer å bygge ein skulekultur der alle inkluderer alle gjennom å vere gode rollemodellar for kvarandre.
MOT-programmet vert gjennomført at våre 4 utdanna MOT-trenarar og unge-MOTivatorar som etter søknad vert plukka ut og får opplæring. Dei har ei aktiv rolle i å arbeide for å inkludera medelevar og miljøskapande aktivitetar.

MOT vert mellom anna nytta aktivt i arbeidet ved skulestart for å gjere elevane trygge i eit nytt klasssemiljø med nye medelevar frå ulike kommunar, samt arbeide for gode verdiar og inkludering heilt fram til russetida.

MOT-coachane på Voss gymnas vart i 2021 kåra til årets beste i Vestland fylkeskommune! Les meir her: Årets beste MOT-coacher!