Særskilt tilrettelegging ved eksamen
Har eleven krav på særskilt tilrettelegging til eksamen må eleven søke om det innan 20. april. Søknaden skal sendast i VIS.
Eleven kan søke om:
- utvida tid
- lesehjelp/opplest oppgåve
- eige rom/kvilerom
- evt. anna
Eleven må sende ny søknad for kvart år og evt. leggja ved ny og relevant dokumentasjon frå sakkyndig instans.
Kva skjer om eleven ikkje møter til eksamen?
Dokumentert fråvær: Elevar som har gyldig fråvær (sjukdom med legeerklæring innan tre dagar etter eksamen) får du tilbod om utsett eksamen. Denne vert gjennomført ved neste eksamensperiode (haust for vår, vår for haust). Elevar er sjølv ansvarleg for å melde seg opp til ein slik eksamen ved å ta kontakt med skulen sitt kontor.
Udokumentert fråvær: Elevar som ikkje møter til eksamen (eventuelt kjem for seint til eksamen) tapar standpunktkarakteren i det aktuelle eksamensfaget og må ta faget som privatist.
Kva skjer om eleven stryk til eksamen?
Då må eleven melde deg opp til ny eksamen i det aktuelle faget ved skulen. Ta kontakt med ass.rektor Arild Een innan 20. august om du vil ha ny eksamen. Om eleven ikkje melder seg til fyrste påfølgjande eksamen mister eleven standpunktkarakteren i faget og må ta faget som privatist. Om eleven tek eksamen i eit fag han/ho ikkje har standpunktkarakter i (IV) vert eksamen annullert og eleven må ta faget som privatist.
Får ein vitnemål om ein stryk til eksamen?
Konsekvensen av ikkje å få karakter i eit fag, er at eleven ikkje vil få vitnemål. Eleven får i staden eit kompetansebevis.
Klaging og klagefrist
Om du vil klage sender du ein skriftleg klage, med underskrift, til ass.rektor Arild Een. Ved klage på skriftleg eksamen treng du ikkje grunngjeva klagen, ved munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen skal klagen grunngjevast. Privatistar skal klage til privatistkontoret.
Klagefristen er 10 dagar. Fristen vert rekna frå den dagen du vart kjent med karakteren eller hadde høve til å verta kjent med karakteren. Merk at det er i Visma karakterane vert offentleggjort fyrst.
UDIR sin eksamensplan