Hopp til hovedinnhold

Er du vaksen og ynskjer utdanning innan sal og reiseliv?

Nytt utdanningstilbod for vaksne på Voss gymnas!

Drøymer du om å arbeide innan sal eller reiseliv? Eller er du allereie i bransjen og kan tenkje deg å få ei formell utdanning? Hausten 2023 startar det opp ei toårig vidaregåande utdanning for vaksne i sal og reiseliv på Voss gymnas. Etter utdanning kan du søkje læreplass i sals- eller reiselivsfaget. Om du har mykje erfaring frå før, kan du melde deg opp til fagprøve etter fullført skulegang.

Utdanninga er retta mot deg som er over 25 år og ikkje har fullført vidaregåande skule tidlegare. Andre kan òg søkje. Det vil vere undervisning to dagar i veka, i tillegg til heimearbeid. Vi tilbyr både fellesfag og programfag.

Søk plass på vigo.no. Søknadsfrist 1.mars. Vel vaksenopplæring!

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med Rettleiingstenesta indre Vestland v/ Linn Birkeland, tlf. 48154669 eller linn.birkeland@vlfk.no.