Hopp til hovedinnhold

Flotte resultat i MOT-undersøkinga

MOT

Flotte resultat for Voss gymnas i MOT-undersøkinga 2022

MOT-undersøkinga vert gjennomført kvart år. Resultata syner noko om korleis elevane på Voss gymnas opplever arbeidet knytt til MOT. Resultata frå årets undersøking stadfestar det undersøkinga i fjor synte, nemleg at det vert jobba særs godt med MOT på Voss gymnas og elevane opplever at skulen blir ein betre stad å vera på grunn av arbeidet!

I vedlagte rapport kan du sjå resulta for skulen for inneverande år (grått), fjoråret (lilla) samanlikna med heile landet (raudt). Som me ser er arbeidet på Voss gymnas veldig bra og me ligg over landsgjennomsnittet på samtlige parameter. Det lovar godt for det vidare arbeidet med å skape robust ungdom som veit at alle er viktige bidragsytarar inn i eit godt og inkluderande skulemiljø. 

Resultat MOT-undersøkinga 2022