Hopp til hovedinnhold

Programfag for idrett

Aktivitetslære (vg1-vg3)

Praktisk fag som inneheld hovudområde som idrettsaktivitetar, basistrening og friluftsliv. På Voss gymnas vert mesteparten av aktivitetslæretimane brukt til trening mot toppidretten din. Du lære å trene for å kunne trene, og for å kunne prestere inn mot toppidretten. Det vil likevel bli nokre emnekurs retta mot andre aktivitetar. Friluftslivområdet er eit eige område som blir gjennomført som overnattingsturar.

Treningslære (vg1-vg3)

Teoretisk fag, men med tilknyting og relevans til dei praktiske faga. I treningslærefaget lærar du kva, korleis og kvifor du skal trene ulike eigenskapar. Dette lærer du i hovudområde som treningsplanlegging, kroppens oppbygging og funksjon, trening og helse, treningsformer og metodar.

Idrett og samfunn (vg2-vg3)

Teoretisk/munnleg fag. Faget tek føre seg korleis idretten påverkar samfunnet og omvendt. Eit refleksjonsfag som set deg i stand til å forstå ulike perspektiv kring idretten i samfunnet, Dette er eit fag som har relevans til samfunnsfag og historie med hovudområde som: idrett og verdiar, idretten i samfunnet og organisering av idretten.

Treningsleiing (vg2-vg3)

Teoretisk/praktisk fag. Faget tek føre seg instruktør- og coaching-rolla i idretten. Du lærer å leia, instruera og kommunisera med ulike grupper menneske gjennom ulike aktivitetar og undervisningsmetodar. Det vert jobba med å få på plass sertifisering som aktivitetsleiar og Trener 2 , i lag med treningslærefaget, som kvalifiserer til å jobba som trenar eller aktivitetsleiar. Hovudområda er trenar- og leiarrolla, leiing i praksis og arrangement.

Valfrie programfag

Toppidrett (vg1-3)

Praktisk fag som inneheld hovudområde som treningsplanegging, basistrening og ferdigheitsutvikling. På Voss gymnas er dette faget tett vevd saman med aktivitetslærefaget og føre går for det meste vinterstid for vinteridrettane og sommar/haust for dei andre idrettane.

Breiddeidrett (vg1-vg3)

Praktisk fag som inneheld hovudområde som idrettsaktivitetar, basistrening og helse og fysisk aktivitet. I dette faget fordjupar du deg i praksis i to idrettar. Kombinasjonar som er moglege på Voss gymnas er fotball & freeski/snowboard, eller handball & freeski/snowboard.