Hopp til hovedinnhold

Realfagskompetanse er sterkt etterspurt av industri, næringsliv og offentlege institusjonar, og kvalifiserer for mange spanande og utfordrande stillingar. Realfag gjev deg dessutan gode moglegheiter til å påverke og utvikle samfunnet vårt mot ei berekraftig framtid på mange område.

For å ta ein del høgare utdanningar som sivilingeniør-, medisin-, odontologi- og veterinærstudiet, må du ha spesiell studiekompetanse, og det får du ved å ta ulike kombinasjonar av realfag.  Fullstendig oversikt over studium som krev spesiell studiekompetanse

Voss gymnas har eit breitt realfagstilbod, der du kan velja mellom desse realfaga: matematikk, fysikk, kjemi og biologi. I tillegg til det teoretiske, inneheld realfaga forsøk og praktiske oppgåver, som gjer faga annleis og spennande.

image9rl1y.png

Realfag som er obligatoriske

Matematikk, 1T og 1P

På vg1 kan ein velja om ein vil ta 1P- eller 1T-matematikk.
Båe faga har like mange timar i veka, og tel like mykje på vitnemålet. 

1T er meir teoretisk, har større pensum og krev større arbeidsinnsats og er ein føremon for å studere realfag vidare.

1P er meir praktisk retta og har mindre pensum og inneheld meir repetisjon.

Dei som ikkje vel realfagsmatematikk R1 på vg2 må ha 2P, som er tre timar praktisk matematikk.

Naturfag

På vg1 har alle fem timar naturfag i veka, der ein får eit breitt grunnlag innan realfag, og får læra seg både naturfagleg teori og praktisk forsøksarbeid. Faget minner på mange måtar om naturfag frå ungdomsskulen. Emne me arbeider med er: økologi, gen og arv, genteknologi, energi, kjemi, stråling, næringsstoff, universet og miljø. Her er altså emne frå både kjemi, biologi og fysikk, noko som gjev naudsynt kompetanse for å velja programfag innan realfag seinare. Me utfører ei rekkje forsøk i faget, noko mange elevar tykkjer er kjekt.

Realfag som programfag

Matematikk R1 og R2 

R1 og R2 er realfagsmatematikk-faga på høvesvis vg2 og vg3. Faga bygger på 1T frå vg1, og inneheld tema som vektorrekning, algebra, derivasjon, funksjonsdrøfting, geometri, integrering og differensiallikningar. I tillegg vert programmering og digitale verktøy brukt innan modellering og problemløysing. Faga er nyttige kombinert med andre realfag. R1 og (for nokon studium) R2 vert kravd for å koma inn på ein del studiar som ingeniør-, økonomi-, odontologi-, medisin-, veterinær- og realfagsstudiar generelt.

Biologi, BI1 og BI2

Biologi er læra om det levande i naturen. Ved at me jobbar med praktiske og utforskande oppgåver får me kjennskap til både anatomi og fysiologi til ulike organismar. Samstundes ynskjer me å lære mest mogleg om samspelet mellom organismane og deira naturlege miljø. I tillegg er det interessant å sjå på korleis evolusjonen har påverka artar, og korleis slektskapen mellom ulike artar er.

I biologifaget er det naturleg å ha feltarbeid, og me reiser blant anna til Finse for å lære om høgfjellet som økosystem.

Energiomsetnad, bioteknologi, evolusjon, vaksiner og antibiotika og berekraftig forvaltning er og spanande stikkord for faga BI1 og BI2. Faga vert undervist i annakvart år, og kan veljast uavhengig av kvarandre. Biologi er viktig i fagkrinsen for vidare studiar innan realfag, natur- og miljøfag.

Fysikk, FY1 og FY2

Fysikk-faget handlar om alt frå dei minste byggesteinane som alt er sett saman av, til universet og kva det består av. Ein vil oppdaga at alt heng saman og påverkar kvarandre, og at ein kan bruka matematikk til å beskriva dei fysiske lovene som gjeld i naturen. Emne me arbeider med er mellom anna rørsle, krefter, energi, arbeid, termofysikk, kjerne- og partikkelfysikk, elektrisitet, relativitetsteori og teknologi. FY1 vert kravd for å kome inn på ein del studiar, som ingeniør- og medisinstudiar. FY2 er svært nyttig dersom ein vel å gå vidare med realfagsstudiar eller sivilingeniørstudiar m.m.

Kjemi, KJ1 og KJ2

Alt i og rundt oss er kjemiske stoff. Kjemi er læra om desse stoffa, korleis dei er bygde opp og korleis dei reagerer med kvarandre. Kjemi er det rette faget for deg dersom du ynskjer å forstå verda rundt deg betre. I kjemi er laboratoriearbeid sentralt, og me gjer mange ulike typar forsøk. Faget vil gi deg større innsikt i prosessar i kroppen, i miljøet og i industrien. Du vil dessutan få kjennskap til kva rolle kjemifaget har i samfunnet innan viktige område som til dømes produktutvikling, medisin, farmasi, ernæring, bioteknologi, nanoteknologi, materialteknologi, energiforsyning og miljø.

Både KJ1 og KJ2 er eit krav for å koma inn på desse studiane: medisin, veterinær, odontologi, og human og klinisk ernæring. Det er også ein fordel med minst KJ1 i mange andre studium.