Hopp til hovedinnhold

Språk, samfunnsfag og økonomi

Studiespesialisering 8.jpg

Faga under programområdet språk, samfunnsfag og økonomi førebur deg på studium på høgskule og universitet. Du får kompetanse som set deg i stand til å tenke kritisk, reflekterande og metodisk. Du vert rett og slett eit tenkande menneske! Faga førebur deg til studium innan mellom anna jus, statsvitskap, historie, økonomi, psykologi og framandspråk.

Engelsk

I engelsk programfag tileignar du deg kompetanse som vil vere nyttig for vidare studium, uavhengig av kva fagretning du vel. Du arbeider med både litterære og samfunnsfaglege emne på autentisk engelsknivå, der sjølvstendig refleksjon og kritisk tenking er sentrale dugleikar.

Du får kompetanse i å tolke og drøfte skjønnlitteratur, i tillegg til å setje hendingar og litteratur i historisk, kulturell, samfunnsmessig og politisk kontekst. Du får undersøke aktuelle utfordringar i verda, samt samfunnsmessige og politiske forhold i engelskspråklege land sett frå eit historisk perspektiv. Ulike variantar av det engelske språket, aktuelle samfunnsdebattar i engelskspråklege land og kva rolle engelsk spelar i det internasjonale samfunnet, er nokre døme på emne du møter.

Eit anna hovudemne gjeld moglege studium og arbeid i utlandet i framtida, der du kan orienterer deg om kva som finst av tilbod og korleis du kan finansiere dei, og ein øver seg på å søke til slike tilbod.

På vg3 vert det lagt til rette for studietur til London, der elevane får bruke språket i autentiske situasjonar. Ein vitjar viktige historiske og kulturelle institusjonar, og vert kjend med byen og kulturen.

Historie og filosofi

I faget får du innsyn i historiske hendingar og ulike tenkjemåtar. Faget skal hjelpe til auka sjølvinnsikt og ei betre forståing av samtida. Kritisk tenking og refleksjon er sentralt i faget, noko som gjer faget nyttig også innanfor andre programområde og høgare utdanning. Programfaget historie og filosofi er delt i to delar.

Historie og filosofi 1

Nokre stikkord frå lærestoffet:

  • kva omhandla mytane i dei første sivilisasjonane?
  • korleis oppsto dei demokratiske ideane i antikken ?
  • korleis har gresk filosofi påverka tankane i den vestlege verda?
  • kva var årsakene til Romarriket sitt vekst og fall?
  • kva kjenneteiknar mellomalderen i Europa?
  • kva idear vaks fram i opplysningstida og under dei store revolusjonane?
  • kva var årsakene til framveksten av industrisamfunnet og kva ideologiar vaks fram i denne perioden?
  • kvifor er det viktig å tenkje kritisk?

 

Historie og filosofi 2

Nokre stikkord frå lærestoffet:

  • kva utfordringar møter menneska i det moderne samfunnet?
  • kva er eigentleg kunnskap og korleis kan vi vite at noko er sant?
  • kva er meininga med tilværet til menneska her på jorda?
  • kva tyder det å leve i eit forbrukssamfunn og korleis påverkar dette levesettet menneska og anna liv på jorda?
  • korleis har politiske ideologiar påverka menneska, statar og historisk utvikling?

(Døme: liberalisme, sosialisme, nazisme)

Politikk og menneskerettar

Uansett kva du skal studere vil du ha nytte av å forstå det samfunnet du er ein del av. Faget politikk og menneskerettar bidreg til å skaffe deg denne forståinga. Faget krev ikkje at du er politisk aktiv, men at du er interessert i å forstå kva politikk er, og korleis du sjølv kan påverke politikken. Det er ein fordel om du følgjer med på nyheitsbiletet slik at du har døme å vise til når vi drøftar demokrati og menneskerettar i praksis.

Kva er innhaldet i faget?
Faget er delt inn i fem delar:

  • politiske prosessar og institusjonar
  • demokrati og medborgarskap
  • internasjonale politiske system og aktørar
  • internasjonale tilhøve og konfliktar
  • menneskerettar og verdigrunnlag

Faget gir innsikt i politiske system. Det vert lagt stor vekt på politiske vedtaksprosessar, ulike kanalar for politisk påverknad, og drøfting av kven som har makt i Noreg og internasjonalt. Vidare skapar faget forståing for kva som skal til for at eit demokrati skal fungere.

  • I Noreg i dag har vi ei mindretalsregjering. Kva vil det seie for Stortinget si rolle om vi har ei mindretals- eller ei fleirtalsregjering? Kvifor er tilhøvet mellom Arbeidarpartiet og LO så nært?
  • Kva skil SV og Høgre? Kva er ein ideologi? Kva akse kan vi plassere Miljøpartiet dei grøne på?
  • Kva er sikkerheitspolitikk, og kva er dei største farane internasjonalt for Noreg? I kva retning går EU? Kvifor er ikkje Noreg med i EU? Korleis skal flyktningkrisa løysast? Kven er ansvarlege for fattigdom i verda? Kva er hegemonimakt, og kvifor er USA så mektig?

 

Rettslære

Rettslære kan du ha stor nytte av i dagleglivet. Du lærer blant anna å sjå ei sak frå fleire sider, og utviklar evna til å bruke dei norske lovene både privat og i yrkeslivet. Me arbeider ut frå case eller tvistar.

Hovudområde i rettslære 1 er familierett, arverett, arbeidsrett og likestilling, avtalerett og forbrukarkjøpsrett. Døme på juridiske problemstillingar me arbeider med er

  • kva vert konsekvensane av at eit par vel å skilje seg?
  • kven kan arve familiehytta?
  • kan arbeidsgjevaren krevje at eg jobbar overtid?
  • kan eg levere tilbake ei vare eg kjøpte for tre månadar sidan og som ikkje fungerer no?

 

Hovudområde i rettslære 2 er erstatningsrett, menneskerettar, forvaltningsrett og strafferett. Døme på juridiske problemstillingar me arbeider med er

  • kven er erstatningsansvarleg om eit barn på seks år knuser eit vindauge?
  • korleis er situasjonen med menneskerettar i Noreg og i verda i dag?
  • kan eg klage på karakterane mine?
  • kva må til for å bli straffa for eit lovbrot?

I løpet av skuleåret plar me vitje retten og følgje ei rettssak, me lagar ei fiktiv rettssak i klassen, og me får besøk av politi og advokatar.

Faga krev ingen forkunnskap. Faga gir ei innføring som førebur deg til eventuelle vidare juridiske studium.

Sosiologi og sosialantropologi

Dette er faget for deg som har lyst til å lære meir om korleis sosiale samspel mellom enkeltindivid fungerer, og korleis ulike sosiale grupper opptrer ovanfor kvarandre. Det er eit engasjerande fag der du bruker eigne livserfaringar for å kaste lys over problemstillinger som blir tatt opp i timane.

Sosiologi og sosialantropologi er svært nyttig for alle samfunnsinteresserte elevar, men kanskje spesielt for dei som har planar om å studere humanistiske fag, som t.d. sosiologi, sosialantropologi, juss, statsvitskap, historie, journalistikk og medievitskap. Det eignar seg elles i alle yrke der ein arbeider med menneske, som t.d. i politiet, skulen, helse og omsorg.

Sosiologi betyr læra om tilhøvet mellom menneska. I sosialantropologien samanliknar me samfunn og kulturar. Faget er delt inn i fem delar: teoriar og måter ein tenker på i samfunnsfaga, kulturforståing der me ser på skilnader og likskapar mellom ulike kulturar, sosialisering – kva er det som gjer at du handlar som du gjer, og om kva arbeid har å seie for individa.

Du lærer å analysere sosiale prosessar, og vil forstå meir av dei sosiale relasjonane du sjølv er ein del av:

  • kvifor blir nokre kriminelle?
  • kva er den perfekte arbeidsplassen?
  • kva har ulike sosiale grupper til felles?
  • skapar media sosiale forskjellar?
  • kvifor er somme rikare enn andre?
  • korleis skal vi gå fram når me skal studere andre kulturar?
  • kven er dei som sluttar på vidaregåande skule?

Sosialkunnskap

Programfaget sosialkunnskap skal bidra til forståing av individet og samfunnet, og samspelet mellom desse. Møtet mellom krava frå samfunnet og individet sine ønskjer utløyser ofte spørsmål om kva eit samfunn bør vere, og korleis det bør organiserast for best mogleg å verne om menneskerettar og borgarane si velferd.

I faget ser me nærare på korleis me utvikler oss frå barndom til alderdom, og kva som er grunnlaget for å leve eit godt liv. Eit anna område er kva som er årsakene til ulike sosiale problem i Noreg, noko som også er grunnlaget for å finne ut korleis me kan løyse desse. Sentrale tema er kriminalitet, rusmiddelmisbruk og barnemishandling. Et tredje tema er velferdsforskjeller mellom ulike grupper, med spesielt fokus på innvandrere og funksjonshemmede. Samfunnsvitenskapelig metode inngår også i faget.

Psykologi

Drøymer du om å studere psykologi?
Lurar du på kvifor me menneske er som me er og gjer som me gjer? Ser du for deg å ha ein jobb der du vil vera i kontakt med andre menneske? Då kan det vera lurt å velja psykologi 1 som programfag.

Psykologifaget handlar om korleis mennesket utviklar seg psykologisk og kvifor me handlar, føler og tenkjer slik me gjer. Gjennom arbeidet med faget vil du få eit innblikk i psykologiens historie og faglege utvikling. Vidare vil me sjå på korleis me utviklar oss gjennom livet, korleis me lærer, kva samanheng det er mellom biologien og psyken vår, og kva som påverkar vår psykiske helse.