Hopp til hovedinnhold

Ei yrkesfagleg utdanning fører til eit fagbrev, svennebrev eller yrkeskompetanse. Om du har erfaring frå eit yrke kan du ta fagbrev som praksiskandidat. Fagbrevet / sveinebrevet dokumenterer at du har fullført ei yrkesutdanning.

Fagbrev som praksiskandidat

Mange vaksne tek fagbrev som praksiskandidat, men du kan og søkje full opplæring i skule og deretter bli lærling (2+2-løpet).

Du kan ta fagbrev som praksiskandidat dersom du kan:

  • dokumentere om lag fem år med allsidig erfaring frå yrket
  • dokumentere bestått teorieksamen i lærefaget (vg3-nivå)

Du kan lese sjølv og melde deg opp til teorieksamen i lærefaget som privatist.

Ta eksamen som privatist

Meld deg opp til fagprøve

Med bestått eksamen og relevant praksis frå yrket kan du melde deg opp til fag- eller sveineprøve. Fagbrev / sveinebrev får du når fagprøva er gjennomført og bestått.

Meld deg opp til fagprøve

Fagbrev på jobb

Fagbrev på jobb er ei ordning som rettar seg mot vaksne i arbeidslivet som ønsker å ta fagbrev. Kandidaten må dokumentere eitt år med relevant erfaring frå yrket, og bedrifta må vere godkjend lærebedrift, for å kunne nytte ordninga.

Les meir om fagbrev på jobb

Praksis i lærefaget

Du kan ta fag- eller sveineprøve som praksiskandidat på grunnlag av allsidig erfaring frå yrket (viser til vg3-læreplanen). Du må sjølv skaffe deg erfaring frå yrket.

Godkjente lærebedrifter og opplæringskontor i Vestland

Praksistida skal vere om lag 25 prosent lengre enn læretida i faget, fem år i dei fleste faga. Den skal og vere relevant i forhold til læreplan i faget. Som praksiskandidat er du friteken for krav om fellesfag, men du kan få fråtrekk i praksistida om du likevel fullfører fellesfaga.