Hopp til hovedinnhold

Vaksne kan søkje om vidaregåande utdanning og realkompetansevurdering.

Kva fag kan eg søkja?

Her finn du alle fagtilboda i Vestland. Kontakt oss gjerne om du ikkje kan finne faget ditt på lista.

Kan eg søkja?

Me prioriterer søkjarar med vaksenrett, men alle kan søkje. Me tek atterhald om nok søkjarar med vaksenrett.

Når kan eg søkja?

Du kan søkje i vigo.no. Søknadsfrist for skuleåret 2022/23 er 1.april.

Korleis søkjer eg i Vigo?

Bruk MinID eller annan identifikasjon.
Hugs å velje rett fylke, fag og skule.
Skriv kva utdanning og arbeidserfaring du har (cv).


Søknaden din blir handsama når me får:

  • cv
  • attestar frå arbeidserfaring
  • vitnemål og karakterutskrifter
  • for minoritetsspråklege: gyldig opphaldsløyve

 

Søk realkompetansevurdering

Realkompetanse er summen av den kunnskapen du har samla frå arbeid, skule og fritid.

Me kan gjennomføre ei realkompetansevurdering for deg. Har du vaksenrett er tenesta gratis.

Det er fleire grunner til å be om realkompetansevurdering:

  • du kan få tilpassa opplæring i undervisninga
  • du får dokumentasjon på den kompetansen du har i faget
  • du treng ikkje opplæring i eit fag du får godkjent
  • me kan kartleggje og vurdere din realkompetanse, og godkjenne einskildfag med bakgrunn i læreplanen. Godkjende fag tel som karakter "2".

Du kan søkja om realkompetansevurdering gjennom vigo.no
Hugs å velja vaksenopplæring / realkompetansevurdering.

For å handsame søknaden treng me:

  • cv
  • attestar frå arbeidserfaring
  • vitnemål og karakterutskrifter
  • attestar frå relevant frivillig arbeid

 

Lovfesta rett

Vaksne har rett til å få vurdert sin realkompetanse og få eit kompetansebevis. Ei realkompetansevurdering vil stadfesta kva kunnskap du har frå før og kva fag du eventuelt treng opplæring i. Kompetansebeviset dokumenterer den kunnskapen du har og kan nyttast som dokumentasjon for å søkja jobb og vidare utdanning.