For å studere ved universitet eller høgskule treng du generell studiekompetanse. Me tilbyr dei seks faga du treng for å oppnå generell studiekompetanse: Norsk, engelsk, matematikk, naturfag, historie og samfunnskunnskap.

Voss gymnas tilbyr dei seks faga over to år. Undervisning vil vere på tysdagar og torsdagar.

Faga dekkar krav til å få generell studiekompetanse som vaksen, eller etter 23/5-regelen. Du kan søkja opplæring i eitt eller fleire fag.

Dei som har ståkarakter i faga frå før, får ikkje plass som elever i dei samme faga.

Undervisning og læremiddel er gratis for alle som får plass.

Vaksne med vaksenrett blir prioriterte, men andre vaksne kan delta dersom det er ledig plass.

Oppstart i august 2022: Engelsk, historie, naturfag og samfunnsfag.

Søkjarar med vaksenrett vert prioritert ved inntak, men alle kan søkje. Du registrerer din søknad i vigo.no

Ta gjerne kontakt med Rettleiingstenesta indre Vestland dersom du har spørsmål om søknadsprosess og/eller studieval.

Her kan du lese meir om generell studiekompetanse.

Dersom du ikkje kan finne faget du ynskjer på sidene våre kan du undersøke om det finst ved ein av dei andre skulane i Vestland.

Liste over alle fag i Vestland kan finn du her.