Hopp til hovedinnhold

Noreg er eit lite språksamfunn. Gode ferdigheiter i framandspråk er avgjerande for eit internasjonalt næringsliv, høgare utdanning, for reiseliv og opphald i utlandet. Det gir oss ei større forståing av samfunn og kultur i andre land.

Voss gymnas tilbyr spansk nivå I for elevane som ikkje har hatt eit framandspråk på ungdomsskulen. For elevane som skal halda fram med same framandspråk som på ungdomsskulen, tilbyr skulen nivå II i spansk, tysk og fransk.

Timane på vg1 og vg2 er fordelte på tre eller fire undervisningstimar i veka. Faget er avsluttande på vg2. Dei munnlege og skriftlege vurderingane gjennom året vert samla i éin standpunktkarakter, og elevane kan bli trekt ut til skriftleg og/eller munnleg eksamen.

Elevar ved Voss gymnas har moglegheit til å reisa på utveksling. Meir om utveksling

Språkklassane som ynskjer å reise til Tyskland, Spania eller Frankrike, kan ved dugnad på vg1 samle inntekter til ein ekskursjon på vg2.

Spansk

Faget spansk omfattar både skriftleg og munnleg kommunikasjon, du lærer å lesa, skriva og snakka spansk. I tillegg lærer elevane om kvifor spansk har vorte eit verdsspråk, og om geografi og kultur i land der spansk er hovudspråket. Me legg opp til variert opplæring, og på fagdagane kan me arbeida meir grundig med faget, og me kan ha litt meir utradisjonelle dagar, der me t.d. lagar spansk mat.

Tysk

Med tysk kan elevane oppleva ein super kultur, sjå mange gode filmar, lesa mange gode bøker som ikkje er omsett til norsk, verta kjent med spanande historie og forstå norsk kultur og historie, fordi mykje kjem frå Tyskland.

Tyskkunnskapar kan hjelpa deg til å finna ein arbeidsplass. Tyskland er den største økonomien i EU og den fjerde største i verda. Tyskland er også verdsleiande innan eksport og import.

Å lære tysk er lett fordi halvparten av orda liknar mykje på dei norske. På denne måten kan ein forstå språket utan for store problem.

Fransk

Elevane som vel å fortsetja med fransk som framandspråk på nivå 2, vil oppnå ei djupare innsikt i og forståing av språket og kulturen. Fransk har ein svært viktig plass i internasjonale organisasjonar, og over 120 millionar menneske snakkar fransk. Fransk og engelsk er språk med mange like ord, og elevane vil forbetra ordforrådet i engelsk ved å læra fransk og omvendt.

I timane legg me like stor vekt på skriftleg og munnleg arbeid. Gjennom varierte undervisningsmetodar lærer elevane om fransk kultur, historie og geografi i språkområdet.

Informasjon om utveksling, Vg2 i Frankrike