Hopp til hovedinnhold

Vg2 i Frankrike

Elevar som tek vg1 på studiespesialiserande utdanningsprogram med fransk som framandspråk, kan ta vg2 i Frankrike. Kvart år reiser inntil 14 elevar frå Vestland for å gå på skule i Normandie. Der får dei plass på ein av dei fem samarbeidsskulane som Vestland fylkeskommune har i regionen nordvest i Frankrike.
 
Tek du utfordringa?

Godkjenning av skuleåret

Året i Frankrike blir godkjent som vg2 innan studiespesialiserande utdanningsprogram. Som elev i Frankrike kan du velja mellom programfag innan Språk, samfunnsfag og økonomi eller Realfag.

Etter året i utlandet kjem elevane tilbake til norsk vidaregåande skule, og går inn i vg3. Elevar gjennomfører slik den vidaregåande utdanninga si på dei vanlege tre åra - samstundes som dei skaffar seg verdfull internasjonal studieerfaring.

Studietilbodet er ein eineståande moglegheit for elevar i Vestland, men det er krevjande, og stiller store krav til omstilling, og sjølvstendig, målretta arbeid.

Bustad og byar

Ordninga er ein kombinasjon av å bu på internat i vekedagane og i verstfamilie i helgene. Kvar skule har gjort avtalar med kjekke familiar som tek imot elevane. Familiane har ungdommar som går på den same skulen som vertseleven.

Dei fem samarbeidsskulane våre ligg i Normandie, i byane Caen, Argentan og Coutances.

Lånekassen

Utvekslingsordninga gjev deg tilsvarande rettar som andre utdanningsordningar, mellom anna rett til stipend hjå Lånekassen.

Elever i Frankrike
Søknad

1. Du søker på same måte som du elles ville ha gjort til vg2.

Føresetnaden er at du har Fransk 2 på vg1. I særskilte høve kan også elevar som har byrja med fransk på vidaregåande bli vurderte.

Søknadsfrist er 1. mars på Vigo. Du vil finne ein eigen kode under Voss gymnas for utveksling til Frankrike.

Du må setja opp vg2 i Frankrike som fyrstevalet ditt (dersom du ikkje vert tatt opp, vil andrevalet ditt gjelda).

2. I tillegg sender du ein søknad på papir til Voss gymnas. Bruk denne søknadsmalen her.

Saman med papirsøknaden legg du ved eit brev på fransk og eit samandrag av dette på norsk der du fortel om deg sjølv, og kvifor du ynskjer eit utvekslingsår i Normandie (motivasjon).

Legg også ved karakterutskrift frå 1. termin. Send dette til: Voss gymnas, Boks 70, 5701 Voss, innan 1. mars.

3. Alle elevane vert kalla inn til intervju i Bergen i mars/april.

Saman med våre franske kollegaer intervjuar me elevane på norsk (i hovudsak) og fransk. Elevane får beskjed om inntaket allereie same dag.

Årshjul

Skuleåret i Frankrike fell i tre terminar og me reiser ned ilag omtrent ei veke før skulestart 1. september. Elevane reiser heim i jule- og vinterferie, medan dei er i vertsfamiliane i haust- og vårferiane.

Elevane har sjølve ansvaret for å bestille heimreisene i løpet av året, og elevane frå kvar skule reiser ilag.

I veka før skulestart og i den fyrste av haustferievekene har elevane intensive kurs i fransk. Dei får også tre timar med franskundervisning kvar veke fram til juleferien. I tillegg vert det ei veke med intensiv norskundervisning på Voss gymnas i ei av vinterferievekene.

Før avreise held me førebuingskurs for elevane på Voss. Mykje ligg dermed til rette for at elevane skal kunne ta del i ordinær undervisning saman med franske ungdommar.

Fag og godkjenning av skuleåret

Vg2 i franske skular vert lagt om i struktur frå og med hausten 2019 av. Dette medfører at fagkombinasjonane som elevar i Vestlandsklassen «Vg2iFrankrike» kan ta er revidert frå og med skuleåret 2019/20.

For i gå vidare på vg3 Språk, samfunnsfag og økonomi i Noreg er det lagt eit løp der ein i tillegg til dei obligatoriske fag på vg2 i dei franske skulane må velge faga MathématiquesLittérature et langues culture étrangère (engelsk) og Sciences économiques et sociales.
Då vil ein ved ståkarakterar få godkjent faga Matematikk R1 (REA3056), Engelsk 1 (SPR3029 og SPR3030), Sosialkunnskap (SAM3051) og Økonomistyring (SAM3068).

For i gå vidare på Vg3 Realfag i Noreg er det lagt eit løp der ein i tillegg til dei obligatoriske fag på Vg2 i dei franske skulane må velge faga MathématiquesSciences physique chimie og Sciences de la vie et de la Terre.
Då vil ein ved ståkarakterar få godkjent faga Matematikk R1 (REA3056), Fysikk 1 (REA3038), Kjemi 1 (REA3045) og Biologi 1 (REA3035).

Me tek atterhald om at alle våre samarbeidsskular tilbyr denne kombinasjonen.

I tillegg til dei obligatoriske faga på vg2 i Frankrike og dei ovannemnde faga (som fordjupingsvalet styrer), skal elevane velga eit fag innanfor eit samlefag kalla Arts. Kva fag dei kan velge her er avhengig av kva skule elevane går på.

For å få eit bestått vg2 må faga i det franske året vere bestått, men ein har unntak frå eksamen i fransk i Frankrike.

Alle våre elevar vil kunna ta privatisteksamen i Fransk III (munnleg og skriftleg) til jul på V\vg3. Dette er ei godkjent fordjuping innafor Språk, samfunnsfag og økonomi og er eit godkjent valfritt programfag innan Realfag.